Populære turmål

Mange har vore innom kultur- og informasjonsavdelinga for å  få med seg turkort. Vi har i år 11 turmål. Går du på minst 10 av dei får du turmedalje og blir med i trekning av gavekort.

Det nye turmålet i år er Søre-Eldåkampen. Rutebeskrivelse følger.

 

 

Publisert av Halle, Trond. Sist endret 12.06.2012

1224 moh. Fjelltopp i Rondane nasjonalpark på grensa mellom Sør-Fron og Nord-Fron. Det er fleire utgangspunkt for turar.

Frå Eldåseter: Kjør Østkjølvegen inn til Eldåseter. Følg turistruta til DNT-hytta Eldåbu. Når du er kome rundt ein km innover ser du Søre-Eldåkampen til venstre. Du ser godt varden på toppen.  Du rundar turisthytta og følgjer  T-merka stig mot Rondvassbu. Stigen går derifrå ned til elva og over bru og så vidare vestover. Stigen passerer Søre Eldåkampen på venstre side. Etter kvart tar du av frå stigen  i retning toppen som står fram som ein markert steinrygg. Det er ikkje noko merka eller markert råk vidare mot toppen. Men toppen ser du framfor deg og terrenget er lett å gå i. Turen tek frå 4 - 6 timar tur/retur.

Frå Skoesetra: Kjør Per-Gynt seterveg innover Sødorpfjellet til du kjem til Frydalen. 500 m etter at du har passert Fryaleva parkerer du ved Skoesetra. Herfrå følgjer du merka turistråk mot Eldåbu og Vulutjønnin. På høgste punktet , før det går ned mot gjetarbua (Eldåbua) tar du av frå råket til høgre og rett aust over til toppen på Søre-Eldåkampen. Turen er nok litt stuttare enn frå Eldåseter.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Sør-Fron kommune Kommunevegen 1
2647 Sør-Fron
Telefon
: 61 29 90 00.

Faks
: 61 29 90 01.
Org.nr.
: 941 827 195
Kommunenr.
: 0519

Hva skjer?

mai 2013
mationtofr
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112
3456789
Sør-Fron kommune