Kart og eiendom

Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu kommunar og Gudbrandsdal energi AS har gjennom eit kartsamarbeid for Midt-Gudbrandsdal etablert ein innsynsløysing for kart på internett.

Der kan ein mellom anna søkje på eigedomar, adresser og stadnamn i dei tre kommunane. Ein kan også søkje på såkalla "interessante stader", slik som attraksjonar, overnattingsstader, renovasjonsordningar osv, med moglegheit for kopling til den enkelte si heimeside.

Det er mogleg å kopiere kartutsnitt til andre dokument og skrive ut kart i ulike målestokkar, i tillegg til at ein kan måle avstandar og berekne areal.

Kartløysinga inneheld dei for tida tilgjengelege grunnlagsdata for kart, flybilete/ortofoto, VA-leidningar,plandata, markslagskart for å nemne noko. Fleire karttypar vil bli gjort tilgjengeleg etterkvart. Ein gjer merksam på at det kan forekome feil og manglar i kartgrunnlaget. Dersom du oppdagar slike feil eller manglar, vennligst ta kontakt med oss. Dette kan du gjere direkte frå kartløysinga eller ved å ta kontakt med den enkelte kommune.

Ved å følgje lenkja nedanfor kjem du inn på kartløysing for Midt-Gudbrandsdal.

Kartportal

Kontaktpersonar:

Ringebu kommune: Jon Helge Silli
Sør-Fron kommune: Konrad Trettengen
Nord-Fron kommune: Ola Aspeslåen

Ansvarlig Knut Myromslien. Sist endret 18.12.2008
Søk
Kontaktinformasjon
Sør-Fron kommune
Kommunevegen 1
2647  Sør-Fron
 
postmottak@sor-fron.kommune.no
 
 
Telefon : 61 29 90 00
Faks : 61 29 90 01
Org.nr. : 941 827 195
Hva skjer?
september 2010
mationtofr
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Kommende hendelser
Sør-Fron kommune