Der kan ein mellom anna søkje på eigedomar, adresser og stadnamn i dei tre kommunane. Ein kan også søkje på såkalla "interessante stader", slik som attraksjonar, overnattingsstader, renovasjonsordningar osv, med moglegheit for kopling til den enkelte si heimeside.
Det er mogleg å kopiere kartutsnitt til andre dokument og skrive ut kart i ulike målestokkar, i tillegg til at ein kan måle avstandar og berekne areal.
Kartløysinga inneheld dei for tida tilgjengelege grunnlagsdata for kart, flybilete/ortofoto, VA-leidningar,plandata, markslagskart for å nemne noko. Fleire karttypar vil bli gjort tilgjengeleg etterkvart. Ein gjer merksam på at det kan forekome feil og manglar i kartgrunnlaget. Dersom du oppdagar slike feil eller manglar, vennligst ta kontakt med oss. Dette kan du gjere direkte frå kartløysinga eller ved å ta kontakt med den enkelte kommune.
Ved å følgje lenkja nedanfor kjem du inn på kartløysing for Midt-Gudbrandsdal.
Kartportal
Kontaktpersonar:
Ringebu kommune: Jon Helge Silli
Sør-Fron kommune: Konrad Trettengen
Nord-Fron kommune: Ola Aspeslåen