Kulturtilskot

Sør-Fron kommune tildeler kvart år tilskot etter godkjent søknad til lag, organisasjonar og andre kulturformål etter bestemte retningsliner.
Kvart år foretar Sør-Fron kommune ei hovudtildeling kulturtilskot. Søknadsfrist er normalt 15. mars. Søknadskjema finn du her.



Vilkår
Retningslinjer for bruk og tildeling av kulturmidlar i Sør Fron

1. Vilkår for å få tilskot
a) Kulturmidlar kan deles ut til lag/organisasjonar/institusjonar som arbeider heilt eller delvis innafor kulturområdet.
b) Det blir berre gjeve tilskot til tiltak som søkjaren sjølv står for gjennomføring av.
c) Politiske organisasjonar får ikkje tilskot til den politiske delen av verksemda. Unntak kan gjerast når det gjeld politiske ungdoms- organisasjonar.
d) For å få kulturtilskot bør søkjaren høyre heime i Sør Fron, drive verksemd i Sør Fron eller ha medlemmer i Sør Fron.

2. Fordeling av midlane
Fordeling av midlane blir gjort etter skjønn, der det blir lagt vekt på følgjande moment:
- Medlemstal (særleg vekt på aktive medlemmer).
- Aktivitetsnivå
- Økomomi/rekneskapstal
- Kva slags aktivitet
- Medlemstype (ungdom, eldre, funksjonshemma osv.)

3. Krav til søknaden
Som vedlegg til søknaden skal det liggje ved rekneskap for året før. Dessutan bør søkjaren leggje ved budsjett for det året søknaden gjeld. I samband med oppgjeving av medlemstal, kan søkjaren bli avkrevd medlems lister med namn og alder på medlemmane Manglar dei vedlegga som det blir stilt krav om, og manglar det vesentlege opplysningane elles i søknaden, kan kulturutvalet avslå søknaden eller redusere forventa beløp med dette som grunn

4. Utlysing og søknad
Tilskotsordning og søknadsfrist skal gjerast kjent gjennom utlysing i lokalavisene, eller på andre måtar,
minst tre veker før søknadsfristen er ute. Søknadsfristen skal vere 15. mars. Søknadskjema blir sendt til alle registrerte faste søkjarar. Søknadsfristen må haldast.

5. Utbetaling
Tilskotsbeløpet skal betalast ut snarast råd etter at beløpet er løyvd.
Pengane skal betalast ut over post/bankgiro

6. Disponering av kulturmidlane
a) Formannskapet disponerer postane for kulturmidlar.Dei har høve til å støtte ymse kultutiltak gjennom desse postane heile året
b) Hovudtildeling skal foregå ein gong i året.
c) Ein bør halde attende minst 5% av samla sum etter at hovudtildeling er gjort. Desse har ein da til bruk resten av året
d) Administrasjone har delegert fullmakt til å gjera vedtak i kurante enkelttilskot-saker ved tilskotsbeløp på inntil 5.000 kr


Hvordan går jeg frem?

Søknadskjema - kulturtilskot Filer Søknadskjema m/retningslinjer (PDF)
Søknadskjema m/retningslinjer (Word)
   
Sør-Fron kommune