Liene barnehage

Kontaktinformasjon Liene barnehage
Besøksadresse Baksidevegen 382, 2647 Sør-Fron
Postadresse Sør-Fron kommune, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Toppen 957 83 035
Kroken 957 83 080
Svingen 415 48 156
Snippen 991 51 962
Plassen 415 49 618
Styrer 977 19 441

 

Litt om oss

Liene barnehage er ein kommunal barnehage med fem avdelinger, Kroken, Toppen, Svingen, Plassen og Snippen. På Toppen er det dette året barn fødd i 2018, Kroken barn fødd i 2019 og 2020. På Plassen, Svingen og Snippen er det barn fødd i 2021 og 2022. 

Barnehagen vår har eit stort, flott uteområde med moglegheit for variert leik. I tillegg til at kvar avdeling disponerer eigne rom har vi gymsal, sløydsal og fleire grupperom som er felles.

Barnehagen har ope måndag til fredag frå kl. 6.45 til kl. 16.30. Vi har felles frokost på kvar avdeling frå kl. 8.00, lunsj mellom kl. 11.00 og 11.30 og ettermiddagsmat mellom kl. 14.00 og 14.30. Vi har varm lunsj ein dag i veka og brød/knekkebrød og frukt til ettermiddagsmat.  

Sør-Fronsdiamanten 

Overordna mål for skule og barnehage i Sør-Fron er at alle skal få ut sitt potensiale. Vi vil ha barn som medverker, som er motivert og som ser moglegheiter. Vi vil ha barn som har heimstadstoltheit og har trua på ei framtid i Sør-Fron. Noko av det viktigaste barnehagen skal jobbe med er og utruste barn med sosial kompetanse og personlege eigenskaper som kan hjelpe dei til å kjenne at dei har verdi og dei kan møte og meistre utfordringer dei møter i livet. Sør-Fronsdiamanten er felles for oppvekst og skal gå som ein raud tråd gjennom barnehage, barneskule og ungdomskule. 

For å få til dette trengs tilsette som ser barna, som tek dei på alvor og som er opptekne av barn sitt uttrykk og barndommens sin eigenverdi. 

Barnehagen sitt formål eller samfunnsmandat (Barnehageloven § 1) seier at barnehagen skal gje barna moglegheit til å utvikle seg ut frå eigne føresetnader, og ivareta alle barn sine behov for omsorg, leik, læring og danning i nært samarbeid med foreldra. Omgrepa heng tett saman og er grunnverdiar i norsk barnehagetradisjon. Rammeplan for barnehagen beskriv i kapittel 1, med utgangspunkt i barnehageloven, verdigrunnlaget som skal komme til syne i alle barnehagar i Noreg. 

I Liene barnehage har vi jobba med å beskrive korleis barnehagelova, rammeplan for barnehagar og Sør-Fronsdiamanten ser ser ut i praksis. Vi har kontinuerlig fokus på formål og verdigrunnlag og er heile tida i utvikling og skal reflektere over korleis vi er som tilsette i møte med barn og føresette. 

 

 

Avdelinger

Kroken

På Kroken jobbar Linda Jacklin Haugen (pedagogisk leiar), Hilde Rønshaugen (pedagogisk leiar), Eli Strømstad (pedagogisk leiar), Aud Ingrid Ruud (barne- og ungdomsarbeider), Ina M. Jonhaugen (barne- og ungdomsarbeider), Jane Helland Brubak (barne- og ungdomsarbeider) og Anita Bredeveien (barnepleier). 

Toppen

På Toppen jobbar Mona C. Baukhol (pedagogisk leiar), Barbro Kvernes (pedagogisk leiar), Anna Magny Holten (barne- og ungdomsarbeider), Anita Abel Opsahl, (barne- og ungdomsarbeider) og Tone Morken (barne- og ungdomsarbeider). 

Svingen

På Svingen jobbar Karoline Kluften (pedagogisk leiar), Martine Bruvang (pedagogisk leiar), Karin Jansen (barnepleier), Sandra J. Aspeslåen (barne- og ungdomsarbeider) og Jolanta Stoskiene (miljøarbeider). 

Plassen

På Plassen jobbar Mette Skogen (pedagogisk leiar), Gudrun Frithjofsen (barnepleier) og Karoline Haverstadløkken (barnehagemedarbeider)

Snippen

På Snippen jobbar Gunn Tove Lunde (pedagogisk leiar), Monica Haverstadløkken (barne- og ungdomsarbeider), Ane Kappelslåen Stuen (barne- og ungdomsarbeider) og Jolanta Stoskiene (miljøarbeider). 

Tilsette i permisjon: Åse Nordølum (pedagogisk leiar), Silje Elvsrud (pedagogisk leiar), Linn C.L. Bjørkhaug (barnehagelærar). 

Gjennom året brukar vi vikarar ved behov, i samband med for eksempel sjukdom, ferie, permisjonar osv. Det blir sendt ut beskjed til alle foreldre i føresett-appen kvar gong ein ny vikar er i barnehagen. I tillegg vil avdelingene informere om vikarbruk da det førekjem. 

Mette Gjefsen er styrar i Liene barnehage.