Midtbygda skule

Kontaktinformasjon Midtbygda skule
Besøksadresse: Bergevegen 31, 2647 Sør-Fron
Postadresse: Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Telefon rektor Anne R. Almehagen 480 92 032
E-post rektor Anne Almehagen
Midtbygda skule 480 37 356
Antall elevar: 1.-7. klasse: 162

Se her for nytt frå Midtbygda skule

Plassering

Midtbygda skule ligg i gangavstand, om lag 1 km, frå sentrum. Etter bilvegen er det om lag 2 km frå sentrum. I sentrumsområdet ligg kommunehus, helsestasjon, bibliotek, idrettsbane/ skøytebane, butikkar og kyrkja.

Skulen har vore påbygd i fleire omgangar. Den eldste delen er frå 1960 og den nyaste er barnehagen som vart bygd i 2005.

Vi har eit fint uteområde med mange leikeapparat, ein aktivitetskiosk og ein ballbinge. Uteområdet vårt er òg tilgjengeleg og mykje brukt, utanom skuletida.

I vinterhalvåret får vi disponere landbruksareala inntil skulen som akebakke, og lysløypa er lagt som næraste nabo.

I tillegg til det disponerer vi eit lite skogsområde som vi kallar «Bakkaskogen», om lag 500 m frå skulen. Der har vi uteaktivitetar gjennom heile året, og det er bygd ein gapahuk med bålplass og ei hinderløype som vi kan bruke.