Aktuelt

  • Åpent møte - ny fjellov

    Åpent møte - ny fjellov

    18.01.2019

    Sør-Fron og Nord-Fron kommuner inviterer til åpent møte om forslaget til ny fjellov som er på høring. Når: Mandag 28. januar kl 19-21 Sted: Peer Gynt...

  • Fron kulturskule sitt barnekor startar opp att!

    Fron kulturskule sitt barnekor startar opp att!

    18.01.2019

    Eit av kulturskulens populære tilbod startar opp att i januar.

  • Arbeidslivsdagen 2019

    Arbeidslivsdagen 2019

    16.01.2019

    Torsdag 14. februar 2019 arrangeres Arbeidslivsdagen 2019 på Nord-Gudbrandsdal videregående skole, avd. Otta.

Ledig stilling som lærar ved Sør-Fron ungdomsskule, 100 % fast

Sør-Fron_Logo_Slagord.png - Klikk for stort bilde

Fast undervisningsstilling, med arbeidsstad for tida ved Sør-Fron ungdomsskule.

Sør-Fron kommune har som mål å oppnå gode læringsresultat og eit godt fagleg og sosialt miljø i skulen. I dette arbeidet har læraren ei viktig rolle.

 

Krav til utdanning:

Allmennlærar, grunnskulelærar eller anna utdanning som fyller krava i opplæringslova til pedagogisk og fagleg kompetanse.

 

Fagønske:

 

  • 60 studiepoeng i engelsk
  • 60 studiepoeng i samfunnsfag
  • Minst 30 studiepoeng i kroppsøving
  • Minst 15 studiepoeng spesialpedagogikk

 

Stillinga er for tida tillagt funksjonen som rådgjevar, jf. opplæringslova § 9-2. Det er ønskeleg med utdanning i sosialpedagogikk for den som er tillagt denne funksjonen

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt. Vi ønsker lærarar med relevant erfaring og som

  • er gode og tydelege klasseleiarar
  • har gode samarbeidsevner
  • oppnår god kontakt med, og tillit hos, elevane
  • har ein undervisningsmåte som skapar trivsel og læring
  • er fleksible og kreative
  • har godt humør og eit positivt menneskesyn

 

Utlysinga omfattar også stilling som måtte bli ledig som følge av interne omrokeringar.

Nærare opplysingar får du hos rektor Eivind Lund, tlf. 61 29 93 10.

Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Gyldig politiattest, jf. opplæringslova § 10-9, må leggast fram før tiltreding, men skal ikkje følge med søknaden.

Søknad skal sendast i vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du har behov for hjelp til å søke elektronisk, kan du ta kontakt med vårt servicekontor på tlf. 61 29 90 00 eller møte opp på servicekontoret på kommunehuset.

Søknadsskjema finn du her.

Søknadsfrist: 28.01.2019 Merk søknaden 19/23

Namn, adresse, alder og stilling på søkjarane blir offentleggjort etter utløpet av søknadsfristen. Søkjarar som ønsker konfidensiell behandling, må grunngje dette i søknaden. Sør-Fron kommune ønsker ikkje å bli kontakta av annonseseljarar.

Publisert av Helene Amblie Solerød. Sist endret 10.01.2019 15:23
Fant du det du lette etter?

Nyheter fra Sør-Fron

Hva skjer i Sør-Fron

Login for redigering