Velkome til gards på dagtid! For ein kaffe i låvepøbben, for å sjå bilder eller for å sitja på tunet og gjera absolutt ingen ting!
Utstillar i år er Magnar Arn Blix Rudi. Han er kunstmålar med utdanning i klassisk måleri frå Kunstakademiet i Wien. Rudi er også tidlegare elev av Odd Nerdrum, og han arbeider mykje med portrett. I andre arbeid hentar han gjerne motiv frå mytologi, natur og fantasi. Magnar er frå Sør-Fron, og etter å ha bodd andre stader i mange år har han nyleg flytta attende med familie og etablert seg med atelier på heimstaden Lidarheim.
Du kan også oppleva fleire kunstnarar med rotfeste i dalen: Per Rosenberg, Ståle Blesterdalen, Vegard Stalsberg, Rolf Bergdølmo, Berit Sundsli og Jorunn Krag Dahle.
Gratis inngang.