Utstilling, gardskafé og vandringer i landskapet

søndag 13. august 2017, 12:00 - 16:00

Informasjon

Velkome til gards på dagtid! For ein kaffe i låvepøbben, for å sjå bilder eller for å sitja på tunet og gjera absolutt ingen ting!

Utstillar i år er Magnar Arn Blix Rudi. Han er kunstmålar med utdanning i klassisk måleri frå Kunstakademiet i Wien. Rudi er også tidlegare elev av Odd Nerdrum, og han arbeider mykje med portrett. I andre arbeid hentar han gjerne motiv frå mytologi, natur og fantasi. Magnar er frå Sør-Fron, og etter å ha bodd andre stader i mange år har han nyleg flytta attende med familie og etablert seg med atelier på heimstaden Lidarheim.

Du kan også oppleva fleire kunstnarar med rotfeste i dalen: Per Rosenberg, Ståle Blesterdalen, Vegard Stalsberg, Rolf Bergdølmo, Berit Sundsli og Jorunn Krag Dahle.

Gratis inngang.

Pris voksen: 0

Sted

Rudi gard
 

URL: http://www.rudigard.no

Kontakt

Rudi gard
 

URL: http://www.rudigard.no

Filter

Søk