Laurdagsopent på biblioteket

lørdag 23. februar 2019, 12.00

Informasjon

Laurdag 23. februar blir det laurdagsopent bibliotek, med teaterforestillinga "Ha det på badet". 

"Ha det på badet" handlar om grisane Grise og Flax.   - Klikk for stort bilde"Ha det på badet" handlar om grisane Grise og Flax. Nils-Petter Aadland Laurdag 23. februar kl 12:00 er det klart for teater på Sør-Fron bibliotek. Da får vi nemleg grisete besøk mellom bokhyllene!

Grise & Flax

"Ha det på badet" handlar om dei to grisane Grise & Flax som rømmer når  eigaren deira - Fru Ribbermoen - bestemmer seg for at dei må bade. For å fange grisane blir Detek & Tiven hyra inn, og dermed er den elleville jakten i gang. 

"Ha det på badet" er ei tøysete og morosam forestilling kor alt foregår på rim, og som passar for alle mellom 3 og 100 år. 

Forestillinga er skrivi av Roger Hilleren og utvikla i samarbeid med Niels Peter Underland, og hadde urpremiere i 1996.

 

Sted

Sør-Fron bibliotek
Kommunevegen 1,  2647 Sør-Fron

Kontakt

Sør-Fron bibliotek
 

Filter

Søk