Arbeidsgruppene er i gang!

Arbeidsgrupper Hundorp2021.jpg - Klikk for stort bilde

Tysdag 2. april var fyrste arbeidsmøte for arbeidsgruppene i tusenårsprosjektet Hundorp 2021.  

Arbeidsgruppene samla til fyrste arbeidsmøte i Storsalen på kommunehuset.  - Klikk for stort bildeArbeidsgruppene samla til fyrste arbeidsmøte i Storsalen på kommunehuset. Ole Tvete Muriteigen

Arbeidet med tusenårsprosjektet er delt inn i tre hovudsatsingar, som dei ulike tiltaka sorterer under. Det er

  • Arrangement
  • Kulturminner
  • Formidling

Dette blir administrert av ei arrangementsgruppe, ei kulturminnegruppe og ei formidlingsgruppe.

Eit godt møte

Tysdag 2. april hadde dei tre gruppene sitt fyrste møte. 

- Endeleg er vi i gang med arbeidet desse gruppene skal gjere. Det var eit godt møte, der mange gode og konkrete idear kom på bordet, seier kulturleiar i Sør-Fron og prosjektleiar for Hundorp 2021, Bjørn K. Sletten.

Ordførar Ole tvete Muriteigen er leiar i styringsgruppa for Hundorp 2021, og var også med på møtet med arebidsgruppene.

-  Eg er godt fornøgd med møtet. Kreative og engasjerte personar deltek, og det gjer meg sikker på at markeringa skal bli veldig bra - og av betydning på både kort og lang sikt, seier Muriteigen.  

Dette er arbeidsgruppene

Arbeidsgruppene består av  personar med ulik ståstad og ulike nettverk som alle bringer nødvendig kunnskap og kompetanse inn i arbeidet. Det er representantar for både friviljuge og profesjonelle organisasjonar i Gudbrandsdalen. Gruppene arbeider sjølvstendig, og rapporterer til prosjektleiar/sekretær. Dei skal sørgje for planlegging og sikre at tiltaka blir gjennomført.

På bakgrunn av tiltaka synt i prosjektplanen er følgjande arbeidsgrupper sett saman:

Arrangementsgruppa, her ved Rasmus Stauri (f.v.), Carl henrik Grøndahl, Vivian Haverstadløkken og helena Wik i gang med planlegginga.   - Klikk for stort bildeArrangementsgruppa, her ved Rasmus Stauri (f.v.), Carl henrik Grøndahl, Vivian Haverstadløkken og helena Wik i gang med planlegginga. Bjørn K. Sletten

1. Arrangementsgruppa

Arbeidsoppgåver:

  • Ny sceneproduksjon
  • Folkefest, Olsok
  • Signe frå Bjølstadmo (kulturkvelden 2019)
  • Bibliotek/litteraturarrangement
  • Heimskringla/kyrkjespel
  • Samarbeid kulturskule og VVS
  • Produksjon i DKS
  • Skule/barnehage

 

Ressurspersonar:

  • Vegard Moshagen
  • Vivian Haverstadløkken
  • Juliane Bay
  • Helena Wik
  • Carl Henrik Grøndahl
  • Carina Gjelsvik
  • Rasmus Stauri
  • Oda Nyhus Aanekre

2. Kulturminnegruppa

Arbeidsoppgåver:

  • Kulturminnefeltet på Hundorp
  • Kulturminnefotoprosjekt
  • Nettpublikasjon/digital formidling
  • Gjenstandstutstilling sommar 2021
  • Artiklar til årbok for Gudbrandsdalen, kjeldegransking

Ressurspersonar:

  • Ingar Gundersen
  • Hildegunn Maria Haanes Ruset
  • Ein representant frå OFK, kulturarv (ikkje avklart kven)

3. Formidlingsgruppa

Formidlingsgruppa med Liv Randi Sundhagen, Marita Aanekre og Siri Neslein.  - Klikk for stort bildeFormidlingsgruppa med Liv Randi Sundhagen, Marita Aanekre og Siri Neslein. Bjørn K. Sletten

 

Arbeidsoppgåver:

  • Vikingmarknad på Hundorp
  • Formidlingstiltak, pilegrimssenteret
  • Formidlingstiltak, Dale-Gudbrands gard
  • Kursing av guidekorps
  • Koordinering av kyrkja si rolle i jubileumsmarkeringa.
  • Mat – eigen 2021-meny

Ressurspersonar:

  • Siri Neslein
  • Kristian Haave
  • Vigdis Holmestad
  • Liv Randi Sundhagen
  • Marita Aanekre
  • Ein representant frå Gudbrandsdalsmusea (ikkje avklart kven)

Det er i tillegg nedsett ei kommunal arbeidsgruppe, som består av Bjørn K. Sletten og Stian Stø Dørum (kultur), Gunnar Solli (teknisk), Margit Steberg (økonomi), Helene Amblie Solerød (kommunikasjon) og Jorun Haverstad (skule og barnehage).


Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 06.04.2019 13.27
Fant du det du lette etter?