Besøk i gapahuken hos Sør-Fron arbeids-og frivilligsenter

Alle samlet i gapahuken - Klikk for stort bildeTysdag 4. mai kom Sør-Fron bygdekvinnelag på besøk til Sør-Fron arbeids- og frivilligsenter. Dei har vore med og gitt økonomisk støtte til gapahuken; den ville dei gjerne sjå!

Besøket starta med at Bergljot Mæhlum fortalde om kva jobben som frivilligkoordinator går ut på. Fagkoordinator Redvald Heggelien orienterte om historikken til arbeidssenteret og viste dei rundt på dei ulike arbeidsstasjonane.

Dei var overraska over kor mye ulike produkt som blir gjort på arbeidssenteret, og også over den frivillige innsatsen i form av ulike tiltak.

Bygdekvinnene spanderte kanelsnurrar på alle på senteret, og kaffe og biteti smakte ekstra godt i varmen frå takke og pizzaovn i gapahuken.