Budsjettet for 2020 er vedtatt

Kommunehuset jul.jpg - Klikk for stort bilde

Uendra eigedomsskatt, investering i teleskoptribune for kulturhuset og prøveprosjekt med busstransport til ungdomsklubben. Det var nokre av ingrediensane da Sør-Fron kommunestyre tysdag vedtok budsjettet for 2020. 

Tysdag 17.12.2019 vedtok kommunestyret i Sør-Fron budsjettet for 2020. - Klikk for stort bildeTysdag 17.12.2019 vedtok kommunestyret i Sør-Fron budsjettet for 2020. Bjørn K. Sletten

Tysdag 17.12.2019 behandla Sør-Fron kommunestyre driftsbudsjett for 2020, økonomiplan og investeringar og kommunale avgifter og gebyr.

Protokollen frå kommunestyremøtet finn du her.

Ordførar Ole Tvete Muriteigen er glad for at ein nå har fått eit vedtatt budsjett.

- Men samtidig må eg seie at kommunenesektoren er kraftig underfinansiert og det merker vi godt, og vi merkar det betre og betre. Eg vil rose den jobben som er gjort her, det har vore krevjande. Ein må blant anna øve seg på å seie nei, når ein så gjerne vil seie ja. Det er ein del av det å drive i lokalpolitikken, seier Muriteigen. 

- Vi er glade for å vera i hamn med budsjettet. Det ligg mykje arbeid bak dette frå administrasjonen si side, seier rådmann Rune Fromreide Sommer.

Også han peiker på eit stadig mindre økonomisk handlingsrom for kommunen. 

- Sør-Fron kommune skal sørge for likeverdige og gode tenester til innbyggarane. Kommunen må tilpasse seg dei økonomiske rammane gitt frå staten, og aktivitets - og tenestenivåa må tilpassast dei økonomiske rammane. Kommunen, som organisasjon og tenesteleverandør, møter forventningar om ein meir effektiv og betre tenesteproduksjon, samtidig som handlingsrommet for kommunen blir mindre og mindre, blant anna på grunn av reduserte overføringar frå Staten og nye oppdrag som kjem utan finansiering, sa Sommer til kommunestyret. 

Dette var bakteppet da kommunestyret behandla driftsbudsjett 2020, kommunale avgifter og økonomiplan tysdag 17. desember, ei veke før julekvelden. 

Redusert eigedomsskatt - for dei fleste

Dei store diskusjonane uteblei i budsjettdebatten, men eitt av punkta det vart diskusjon omkring i kommunestyret, var ikkje uventa eigedomsskatten.

Rådmannen sitt forslag, som også fekk fleirtal da formannskapet behandla saken tidlegare denne månaden, var å auke den generelle eigedomskattesatsen for næring frå 6 ‰ til 7 ‰. For bustader og fritidsbustader vart det foreslått å halde eigedomskattesatsen uendra på 3,8 ‰ og sette botnfrådraget til kr. 0.

Arbeidarpartiets Jone-Elisabeth Strand foreslo her å auke promillen på eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader frå 3,8 til 4,8 promille og behalde botnfrådraget på 200.000 kroner. Samla sett ville dette gitt ein lågare kostnad på 250.814 kroner til Sør-Fron sine faste innbyggarar og fritidsinnbyggarar.

Forslaget frå Strand og AP vart nedstemt, og fleirtalet i kommunestyret gjekk for rådmannen sitt forslag.

- Men dei aller fleste vil oppleve at eigedomsskatten vil gå ned, seier rådmann Rune Fromreide Sommer.

Dette på grunn av at det er vedtatt to endringar i eigedomsskattelova med virkning frå 2020:

  • Maksimal skattesats for bustader og fritidsbustader skal vere 5 promille. 
  • Det blir innført ein obligatorisk reduksjonsfaktor på minimum 30 % i takstane på bustader og fritidsbustader
  • Endringane berører berre utskriving av skatt på bustader og fritidsbustader

Du kan lese heile driftsbudsjettet her. 

20 års ventetid

Kommunestyret vedtok også å oppretthalde investering i teleskoptribune til Sør-Fron kulturhus, eit tiltak som har vore sett på vent i over 20 år. 

Teleskoptribuna var i si tid prosjektert som del av det nye Sør-Fron kulturhus, men vart tatt ut og har sidan vore ut og inn av investeringsbudsjettet. Tysdag vedtok altså kommunestyret å gi grønt ljos for investeringa. Administrasjonen har peikt på at ei teleskoptribune vil begrense ressursbruken kraftig, samtidig som ein får langt større fleksibilitet og profesjonalitet til kulturhuset. 

Investeringa betyr mellom anna at ein kan gå vidare med samarbeidet med Tetaer Innlandet om store teaterproduksjonar - også i Midt-Gudbrandsdalen. 

Heile investeringsbudsjettet finn du her. 

Prøveprosjekt med skyss til klubben

Ungdomsklubben på Vinstra er eit svært godt tilbod som gir alle sørfronsungdommar eit godt ungdomsklubbtilbod. Mange har likevel peikt på at det kan vera utfordrande for enkelte med skyss til klubben.

Dette vil politikarane gjere noko med. 

Arne Bredeveien frå Arbeidarpartiet forslo derfor å sette av 50.000 kroner til eit halvårig prosjekt som skal gi ungdom i Sør-Fron kollektivtransport (minibuss) til klubben på Vinstra. Det vart også foreslått ein eigenandel på 50 kroner per ungdom for skyss tur-retur ungdomsklubben, og at resten blir finansiert av Sør-Fron kommune.

Etter eit endringsforslag frå representant Erik Blakstad Haave (SP) vart kommunestyret samde om ei tre månaders prøveperiode i 2020. Transporten skal da hente ungdom på avtalte møteplassar etter påmelding.

Fortsatt fokus på gode tenester

Dei totale driftsutgiftene for 2020 er på 306 millionar kroner. 

- Budsjettet er stramt, men kommunen vil også i 2020 vera i stand til å levere gode tenester til innbyggarane våre, avsluttar Rune Fromreide Sommer. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 19.12.2019 11.21
Fant du det du lette etter?