Direktesending om smitteutbrotet på VVS

Klikk for stort bildeTysdag kveld kl 20.30 blir det direktesending med kommuneoverlege Anders Brabrand og rektor ved Vinstra vidaregåande skule, Leif Solheim om smitteutbrotet på VVS. Sjå sendinga her!

Dei siste dagane er tolv elevar ved VVS smitta av korona. Fleire av dei er frå Sør-Fron. Skulen opplyser at alle dei smitta deltok på eit ungdomsarrangement sist helg, kor ein smitta person var tilstades. Det er difor kjent felles smittekjelde for alle dei 12 smitta ved skulen. 

I samband med smitteutbrotet blir det direktesending med kommuneoverlege Anders Brabrand og rektor ved Vinstra vidaregåande skule, Leif Solheim. Sendinga ser du her (startar kl 20:30):

Skulen opplyser at dei følgjer gjeldande retningsliner frå FHI for utbrotshandtering med smittesporing og testing framfor karantene.

- Uvaksinerte husstandsmedlemmar og andre særlege nærkontaktar settes i karantene som tidlegare. Øvrige nærkontaktar på skulen gjennomfører testregime etter retningsliner frå FHI - dette medfører at elevane blir testa med to dagers mellomrom , til saman tre gonger, i staden for å bli sett i karantene.