Dugnad for å få alle med!

Sør-Fron_Logo_Slagord.png - Klikk for stort bilde

Måndag 3. desember kl 18.00 arrangerer Sør-Fron kommune AlleMed-dugnad i Storsalen på kommunehuset. 

Sør-Fron_Logo_Slagord.png - Klikk for stort bilde

Den 3.desember kl 18.00 skal vi gjennomføre AlleMed-dugnad her i kommunen.

Målet med dugnaden er å oppfylle Fritidserklæringen og gjere noko for å auke bevisstheita om utanforskap i kommunen.

Sør-Fron kommune er ein av 12 kommunar i landet som får besøk av AlleMed.

Folkehelseprofilen viser at vi er ein kommune med låg sosio-økonomisk status, vi antek derfor at det er nokre barn som veks opp i familiar som ikkje har økonomi, eller moglegheit, til å delta på ulike aktivitetar. Målet med dugnaden er å skape bevisstheit rundt denne gruppa og at tilsette og frivillige får kunnskap om kva dei skal gjere dersom dei får kjennskap til barn som ikkje har moglegheit for å delta i ulike fritidsaktivitetar. Tanken med AlleMed er at kommune og frivillige må auke samarbeidet for å sikre at flest mogleg blir fanga opp.

AlleMed er ei forlenging av Kommunenettverket aktiv fritid for barn og unge, der Sør-Fron som ein av tre kommunar i Oppland (den einaste i Gudbrandsdalen) er med.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 03.12.2018 08:17
Fant du det du lette etter?