Ekstraordinær løyving til næringsfondet

Sedlar.jpg - Klikk for stort bilde Fylkesutvalet i Innlandet fylkeskommune har fordelt kr 65,6 mill. i ekstraordinære kommunale næringsfond. Sør-Fron kommune er tildelt kr. 1.594.620,-

Sedlar.jpg - Klikk for stort bilde Tildelinga frå kommunal- og næringsdepartementet er ein del av krisepakke 3 for 2020, som vart vedtatt av Stortinget 19. juni.

Midlane skal forvaltast i tråd med "Midlertidig forskrift om tilskot til kommunale næringsfond som følge av civid-19-utbruddet". 

Kort om ordninga: 

  • Tilskotet kan gjevast til bedrifter eller andre næringsaktørar, unntaksvis til kommunen
  • Tilskotet skal normalt ikkje overstige 50%, og aldri over 75%
  • Støtta skal ikkje gå til drift eller til bedrifter i "økonomiske vansker"
  • Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknadar av korona-viruset
  • Betydninga av arbeidsplassar, verdiskapning og økonomisk aktivitet skal vektleggjast
  • Tilskot skal vere i tråd med reglane for offentleg støtte

I vurderinga av søknadane om tilskot skal det leggjast vekt på: 

  • I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar
  • I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak kan motverke negative verknadar av Covid-19-utbrotet
  • Kor raskt tiltaket kan settast i gong

Les heile tildelingsbrevet frå Innlandet fylkeskommune her. (PDF, 264 kB)

Søknadsskjemaet for Sør-Fron kommune vil bli tilgjengeleg på www.regionalforvaltning.no så snart det er mogleg, sannsynlegvis i midten av august. 

Alle søknadar vil bli behandla politisk, uavhengig av storleik. 

Ta gjerne kontakt med tenesteleiar for kultur og næring Bjørn K. Sletten dersom du har spørsmål, bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no.

OBS: Næringsleiaren går ut i ferie 17. juli, så spørsmål vil ikkje bli besvart før i midten av august. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 15.07.2020 08.40
Fant du det du lette etter?