Eldredag i Sør-Fron

Eldredagen samla mange util hyggeleg samver på Harpefoss grendehus. Foto: Arne Hærnes - Klikk for stort bilde

 

Torsdag vart FN sin internasjonale eldredag markert på Harpefoss grendahus.

Eldredagen er i regi av Eldrerådet i kommunen, Harpefoss og Sør-Fron sanitetsforeingar, aktivitørar på Sørheim og Pensjonistlaget. Båe foto: Arne Hærnes - Klikk for stort bildeEldredagen er i regi av Eldrerådet i kommunen, Harpefoss og Sør-Fron sanitetsforeingar, aktivitørar på Sørheim og Pensjonistlaget. Båe foto: Arne Hærnes Arne Hærnes

Totalt kom det inn kr. 7090, fordelt på inngangspengar og loddsal frå dei 57 betalande gjestane. 

- Anne Brenden leidde oss gjennom dagen på ein god måte. Midtbygda og Harpefoss skular song for oss: Tredje klasse frå Midtbygda og heile småskuletrinnet frå Harpefoss etterpå. Desse innslaga vart det sett stor pris på, fortel aktivitør Bergjlot Mæhlum.

Ove Røsbak og Sigurd Thingstad hadde framifrå konsert med fin poesi, musikk, høgtlesing og allsang.

 

Vellykka dag

Dei frammøtte fekk godt med traktering: Kaffe og kringle, fruktfat på borda, rummgraut og påsmurte brødskiver, og attåt loddtrekkinga var det kaffe og kake.

- Det var mange flotte gevinstar gitt av lokale firma/butikkar. Til slutt vart mange henta av dei alltid blide og serviceinnstilte sjåførane ved Sør-Fron taxi. Dagen var vellykka!, slår Mæhlum fast.

- Bak ein slik dag står det alltid gode frivillige: stor takk til Saniteten: dei står for pynting av bord og alt med maten, avsluttar Mæhlum. 

Eldredagen er i regi av Eldrerådet i kommunen, Harpefoss og Sør-Fron sanitetsforeingar, aktivitørar på Sørheim og Pensjonistlaget. Den Kulturelle spaserstokken sponser underhaldninga. Sør-Fron Lions har gitt kr. 5000 i støtte, og Sørheims venner betaler skyssen for dei som bor på Sørheim. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 02.10.2017 15:22
Fant du det du lette etter?