Det er funne hellemåleri ved Espedalsvatnet. Måleria er av fem elgar, ein bjørn og ein menneskeliknande figur på ei bratt fjellside rett ned i vatnet. Måleria er mellom 6000 og 4000 år gamle, og har mest sannsynleg vorte laga ein gong på slutten av steinalderen, i yngre steinalder.
Tysdag denne veka kunne arkeologar frå Oppland fylkeskommune endeleg syne fram funnet, som fyrste gong vart oppdaga av gausdølen Tore Thallaug under ein kanotur i 2009.
Tv2 skriv om funnet her: Tore gjorde sensasjonell oppdagelse fra steinalderen
Thallaug tok den gong kontakt med lokalkjende og lurte på om dei var kjende med måleria. Ingen var kjend med det - og Thallaug slo seg til ro med dette.
- Sensasjonelt funn
Sommaren 2018 tok Thallaug kontakt med fylkeskommunen, som sette i gang undersøkingar av funnet, som av arkeologane blir beteikna som sensasjonelt. Undersøkingane deira har bekrefta at måleria er autentiske.
Les kva GD skriv her.
Lokaliteten for hellemåleria er midt i det såkalla Elgland, der eit av nordeuropas største elgtrekk har gått gjennom tusenvis av år. Arkeologane meiner hellemåleria i Espedalen kan settast i samanheng med religiøse ritual, og som uttrykk fo jaktmagi blir det antatt at bergmålieri som denne kan bli knytt til gode fangstområde.
Svært sjeldan
Det er om lag 20 kjende lokalitetar med hellemåleri i heile Norge. Av desse er berre eitt funn gjort etter 1960-talet, og dette er den fyrste hellemålingslokaliteten som er funne i Oppland, Hedmark og Buskerud. Hellemåleria er svært sårbare, og er eit automatisk freda kulturminne, og det er ikkje lov å gjere noko form fo inngrep eller noko som medfører fare for skade på lokaliteten.
Dølen skriv også om saka: Sensasjonelt funn i Espedalen
- Hellemåleria ligg heilt ned mot vatnet og er vanskeleg tilgjengeleg for folk flest. På bakgrunn av meir dokumentasjon og studiar på staden, vil vi på sikt sjå om det kan vera mogleg å legge til rette lokaliteten for publikum, opplyser Oppland fylkeskommune.
Hellemåleria med noko (digitalt) forsterka farge.
Oppland fylkeskommune
Dette kartet syner kor hellemåleria finst.
Oppland fylkeskommune