- Fridom har sin pris

8. maimarkering 2.jpg - Klikk for stort bilde - Let oss håpe at kommande slekter forstår kva offer Bjarne Lien gav, for at sørfrøningar og nordmenn skulle få leve i fridom og fred, sa ordførar Ole Tvete Muriteigen under 8. mai-markeringa tysdag.   

Ordførar Ole Tvete Muriteigen saman med Eivind Holen frå Gudbrandsdal forsvarsforening og Per Gunnar Hagelien frå Forsvaret.   - Klikk for stort bildeOrdførar Ole Tvete Muriteigen saman med Eivind Holen frå Gudbrandsdal forsvarsforening og Per Gunnar Hagelien frå Forsvaret. Bjørn Sletten 8. mai var det markeringar i alle dei tre midtdalskommunane, og i Sør-Fron var det kransenedlegging ved minnestøtta over Bjarne Lien, den einaste sørfrøningen som fall i kamp under andre verdskrigen.

Representantar frå familien til Bjarne Lien var til stades, Forsvaret var representert ved Per Gunnar Hagelien, og Gudbrandsdals forsvarsforening ved Eivind Holen.  

I tala si peikte ordføraren på 8. mai, frigjering- og veterandagen, som den viktigaste markeringsdagen i norgeshistoria.

Fridom og sjølvstende er ikkje sjølvsagt. Derfor er det så viktig å markere dagen, sa Muriteigen.

Fall for Noreg

Bjarne Lien var den einaste sørfrøningen som fall i kamp under andre verdskrigen. Han fekk mobiliseringsordren den 10. april 1940 og meldte seg straks ved avdelinga si, motormitraljøseeskadronen ved Oplandske Dragonregiment på Hamar.Odd Midtlin skreiv ein artikkel i Fronsbygdin i 2009 om onkelen, Bjarne Lien.

8. mai vart det lagt ned krans ved minnesteinen over Bjarne Lien.  - Klikk for stort bilde8. mai vart det lagt ned krans ved minnesteinen over Bjarne Lien. Bjørn Sletten

Her gjenfortel han mellom anna med regimentsjef Jensen sine ord om hendingane som førte til at Lien fall: "Natten til den 18. trakk dragonregimentet seg etter ordre tilbake gjennom Stange, hvor det sto en mindre kamp litt syd for stasjonen, og gjennom Hamar til Furnes og Brumunddal.

Tyskerne fulgte langsomt etter og slo seg til ro i Hamar natten til den 19. april. Imens hadde vi ordnet oss til forsvar igjen i Furnes, ca fem km nord for Hamar.

Tyskerne gikk til angrep ved 11-tiden om formiddagen den 19. Og i den kampen som fulgte, var det at Bjarne fikk sin bane. Det mitraljøselaget han tilhørte, hadde stilling nær riksveien, litt syd for der hvor veien tar opp til Høsbjør turisthotell. En stor granat, formodentlig fra en bombekaster, rammet midt i laget og satte hele laget ut av kamp. Bjarne ble hardt såret, brakt til et feltsykehus i Brumunddal, hvor han døde samme dag. Han ble 24 år gammel".

Minnestøtte

Det var forøvrig regimentsjefen som avduka minnestøtta over Lien, som soknerådet i Sør-Fron fekk reist etter krigen. I dag er denne erstatta med ein ny, som vart avduka i 2008. 

Ordføraren runda av med følgjande ord: 

- Bjarne Lien fortener å bli hugsa for det ofret han gjorde, og vi andre har godt av å bli minna om, innimellom, at fridom har sin pris.

Stunda på kyrkjegarden vart avslutta med eitt minutts stillheit.  

6. juni blir det arrangement i samband med avdukinga av minnesteinane/snublesteinane over sørfrøningane Esther, Klara og Samuel Karpol, som vart drept i konsentrasjonsleiren Auschwitz under andre verdskrigen.   

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 08.05.2018 14:06
Fant du det du lette etter?