Godt år på klubben

Vinstra ungdomsklubb 2018.jpg - Klikk for stort bilde Vinstra ungdomsklubb er felles ungdomsklubb for Sør-Fron og Nord-Fron. 2018 vart eit godt år - med stadig fleire Sørfronsungdommar innom!  

Ungdommar frå Sør-Fron vart i 2018 for fyrste gong inviterte på juniorklubb. Det vil også skje i 2019. - Klikk for stort bildeUngdommar frå Sør-Fron vart i 2018 for fyrste gong inviterte på juniorklubb. Det vil også skje i 2019. Erik Tøftestuen - Det har vore ei bra auke med Sør-Frøningar på ungdomsklubb hjå oss i haust. Stadig nye ansikt frå heile ungdomssegmentet har vore innom, og den 17. oktober bikka andelen Sør-Frøningar 30 % av besøkande for fyrste gong. 100 stk innom, 31 % var frå Sør-Fron, fortel ungdomskonsulent Erik Tøftestuen i Nord-Fron kommune.

Hausten 2018 signerte Nord-Fron og Sør-Fron kommunar ei treårig avtale om ungdomsklubb. Sidan 2015 har ikkje Sør-Fron hatt eigen ungdomsklubb. Den nye avtala inneber at ungdom i Sør-Fron får det same ungdomsklubbtilbodet som ungdom i Nord-Fron.

Juniorklubb og foreldremøte

I følgje Tøftestuen har tala helde seg stabilt aukande heile hausten. Fredag 4. januar er det fyrste klubbkveld i 2019.  

Ungdomsklubben har i 2018 som del av den nye avtala vore med på felles foreldremøte på ungdomsskulen for å informere om tilbodet. I tillegg har alle sjuandeklassingar med foreldre hatt tilbod om såkalla juniorkveld - eit bli kjent-opplegg på klubben i mai. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 02.01.2019 14:53
Fant du det du lette etter?