Heidrar sørfrøningane Esther, Clara og Samuel

DS Donau_foto Georg W. Fossum.jpg - Klikk for stort bilde Den 26. november er det 75 år sidan 532 norske jødar vart brakt ombord i frakteskipet Donau, med endestasjon Auschwitz. Tre av dei var sørfrøningar. Tysdag 14. november gjekk eit einstemmig kommunestyre i Sør-Fron inn for å legge ned såkalla snublesteinar som minnesmerke etter Esther, Clara og Samuel Karpol.  

Det finst berre to fotografi som dokumenterer deportasjonen av dei norske jødane 26. november 1942. Dei vart tat i skjul av fotgrafen Georg W. Fossum.   - Klikk for stort bildeDet finst berre to fotografi som dokumenterer deportasjonen av dei norske jødane 26. november 1942. Dei vart tat i skjul av fotgrafen Georg W. Fossum. Georg W. Fossum I oktober og november 1942 vart dei tre sørfrøningane Clara, Esther og Samuel Karpol arresterte av styresmaktene og deporterte til Auschwitz. Dei kom aldri attende til Sør-Fron.

Snublesteinar

Hausten 2017 har det kome to ulike initiativ med tanke på å få lagt ned såkalla «Snublesteinar» for dei deporterte og henretta jødane frå Sør-Fron.

Snublesteinane er eit kombinert kunst- og minnesmerkeprosjekt initiert av den tyske kunstnaren Gunter Demnig, og består av ein brustein på 10x10cm, belagt med ei messingplate der namn, fødselsår, deportasjonsår, dødsdato- og stad er inngravert.

«Steinane blir støypt ned i fortauet på stader der jødar eller andre ofre for nazismen budde eller arbeidde fram til dei vart deportert og drept», heiter det på nettstaden snublestein.no, ei database over minnesmerka. Det er Jødisk museum som i Norge er ansvarlege for prosjektet.

Saka som kommunestyret behandla 14. november kan du lese her.

Clara Karpol, 25.8.1899-1.12.1942. - Klikk for stort bildeClara Karpol, 25.8.1899-1.12.1942. Esther Karpol, 25.12.1903-1.12.1942. - Klikk for stort bildeEsther Karpol, 25.12.1903-1.12.1942.


Blir lagt ned ved kommunehuset

Det finst i dag ikkje noko minnesmerke over dei tre sørfrøningane Clara, Esther og Samuel Karpol i Sør-Fron, men dei tre er med på minnesteinen over krigsdøde sivile som i 2010 vart reist ved Gudbrandsdal Krigsminnesamling i Kvam.

Det er så langt lagt ned 473 snublesteinar i Norge, dei fleste i gater i tilknyting til heimane der norske jødar budde. For Sør-Fron og familien Karpol sin del, er dette utfordrande, fordi noko av tanken bak snublesteinprosjektet er ei synleggjering av desse menneska sin skjebne.

«Når vi på et vis «snubler» over disse minnesmerkene der vi bor, der vi går, der vi arbeider, vil vi forhåpentligvis forstå at navnene vi leser representerer levende mennesker. Steinene krever at vi ikke glemmer og er en påminnelse om at Holocaust foregikk også her og ikke bare et annet sted, langt borte», heiter det på nettstaden snublestein.no.

Samuel Karpol, 7.2.1901-13.1.1943. - Klikk for stort bildeSamuel Karpol, 7.2.1901-13.1.1943.

Etter ei vurdering har administrasjonen derfor foreslått at det blir lagt ned snublesteinar for Clara, Esther og Samuel Karpol ved amfiet mellom kommunehuset og soknerådsbygget på Hundorp. Dette gjekk kommunestyret inn for tysdag. 

Samarbeid med Gudbrandsdalsmusea

Gudbrandsdalsmusea AS får i oppdrag å koordinere arbeidet i samråd med administrasjonen, og kommunestyret løyver inntil kroner 10 000 frå kommunestyrets løyvingspost til arbeidet.     

 
Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 15.11.2017 10:40
Fant du det du lette etter?