Høring: Temaplan for idrett og fysisk aktivitet

Formannskapet i Sør-Fron vedtok 22.09. å legge forslag til plan for idrett og fysisk aktivitet for kommunane Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu 2022-2026 ut til offentleg ettersyn.

Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron kommunar har sidan 2008 hatt felles temaplan for idrett og fysisk aktivitet. Gjeldende temaplan for 2018-2022 skal reviderast for ny planperiode 2023-2026.

Formålet med planen er å prioritere tiltak innafor idrett og fysisk aktivitet innafor kvar enkelt kommune og prioritere tiltak og prosjekt som er, eller kan bli felles for to eller tre av kommunane. Det er også formål å prioritere kommunale og regionale aktivitetar og anlegg som utgangspunkt for søknad om spelemidlar. For at anlegg skal vera berettiga spelemidlar, må dei vera omtalt i denne planen.

Planen ligg nå ute på høring, med frist 3. november. 

Les planen og saksdokumenta her