Informasjon til føresette i skolane i Sør-Fron

Udir_FHI_SFK.jpg Skolane i Sør-Fron førebur seg, og gler seg, til å ta imot barna frå 1. til 4. klasse 27.april!

Udir_FHI_SFK.jpgVi tilrettelegg etter retningslinene for smittevern frå myndigheitene, og oppdaterar oss kontinuerleg. I Sør-Fron har vi hatt svært få smittetilfelle, berre to bekrefta, der det siste tilfellet var 4. april. Ein av desse er nå erklært heilt frisk.

Vårt fokus er å bidra i den nasjonale dugnaden om å begrense smitta mest mogleg. Frå 27. april opnar vi småskoletrinnet med SFO, men skal framleis ha same fokus. Samstundes skal vi sikre at barna har ein trygg og god kvardag på skolen sjølv om organiseringa blir noko endra.

Les også informasjon til føresette i barnehagane i Sør-Fron.

Tiltak som involverar dei føresette i småskolen i Sør-Fron:

  • Alle barn skal møte ute når dei kjem til skolestart, og vere ute når dei blir henta. De vil få individuell/klassevis informasjon om dette.
  • Dei som skal på SFO om morgonen skal møte på klasserommet sitt utan at føresette blir med inn. Dersom dei føresette har beskjedar til SFO må dei sende melding eller ringje SFO-telefonen.
  • Det blir noko redusert opphaldstid på SFO på grunn av bemanningsutfordring. Opningstidene vil vere frå 0800 til 1530. Dei som har samfunnskritiske jobbar og har behov utover dette, kan søkje om tilbod innan den ordinære opningstida (0645-1630).
  • Leksehjelp går som vanleg på begge skolane.
  • Viktig at de gjennomfører hygienetiltak slik kommuneoverlegen har gitt retningsliner om (sjå lenke under). Fyrst og framst vil dette vere god handhygiene før og etter skole/SFO-opphald, samtaler med barna om situasjonen, smittevern og hensikta med tiltaka.
  • Dei føresette må vere klar over at det kan komme endringar både når det gjeld opningstider, retningsliner for smittevern og anna på stutt varsel.
  • Ha tillit til at myndigheitene tek trygge avgjerder, at skolane følgjer retningslinene og har barnas beste i fokus!
  • Ein bør ikkje bruke skoleskyss og offentleg transport viss det er mogleg. Dei føresette får eigen SMS for klartlegging av behovet på den enkelte skole. Denne må lesast nøye, og dei som treng skysstilbod må gi attendemelding til skolen.

Vi veit at situasjonen krev mykje av dykk som føresette også, og vi set stor pris på godt samarbeid gjennom denne tida. Vårt fokus er å gjere kvardagen trygg og god for barna!

Vi minnar om elevfrie dagar torsdag 30. april og fredag 1. mai.

Helsing
skolane i Sør-Fron kommune

 

Meir utfyllande informasjon:
Smittevernrettleiar skoletrinn 1-7 (heile dokumentet): https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/skoletrinn-1-7/

Om viruset, sjukdomen og utbrotet: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/om-viruset-sykdommen-og-utbruddet/

Filmar for barne og vaksne om opning av skole og barnehage: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/filmer/

Barna si rolle i utbrotet: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/barns-rolle/

Smittevern med kommuneoverlege Anders Brabrand: https://www.sor-fron.kommune.no/tjenester/helse-og-omsorg/informasjon-om-koronaviruset/slik-hindrar-du-smittespreiing/

 

Informasjon til føresette i skolen (nasjonalt skriv)

Før skolane blei stengde i Noreg blei det ikkje registrert noko kjent smittespreiing blant barn i barnehagar og barneskolar. Samanlikna med vaksne er få barn identifisert som smitta i Noreg og verda elles. Barn og unge har så langt vist seg å ha svært låg risiko for å få alvorleg sjukdom med koronavirus. Risikoen er lågare enn for andre luftvegssjukdomar, som til dømes influensa.

Det er trygt for barn å gå på skolen

Skolane opnar no gradvis, og for å avgrense smitte har vi sett i gong fleire tiltak. I perioden framover er vi ekstra nøye med å trygge godt smittevern. Dette avheng av at vi alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda for smittevern. På skolen vil vi være spesielt opptekne av å:

• vaske hender og lære elevane gode rutinar for handvask

• ha godt reinhald

• vaske utstyr jamnleg, til dømes nettbrett

• vere ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skoletimar og SFO

• ha undervising og samlingar i mindre grupper

• halde god avstand til kvarandre

Vi skal framleis sørgje for at elevane har eit trygt og godt skolemiljø. Alle som jobbar på skolen, skal følgje med på at elevane har det bra.

Viss barnet ditt ikkje kjenner seg bra

Barnet ditt skal ikkje møte på skolen eller SFO viss det har symptom på sjukdom, dette gjeld også milde symptom. Det er ekstra viktig at barna held seg heime i minst eitt døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Viss nokon andre heime har luftvegssymptom eller fått påvist koronaviruset, skal dei ikkje følgje barna til skolen.

Viss barna blir dårlege på skolen, tek vi kontakt med føresette. Barna må hentast eller gå heim frå skolen så fort som mogleg.

Føresette skal helst ikkje bli med inn på skolen

Vi prøver å ta imot barna ute, og ønskjer at føresette ikkje blir med inn på skolen/SFO eller i garderoba.

Handvask er like viktig heime som på skolen. Vask hendene før de kjem på skolen, og med ein gong de kjem heim.

Barna bør helst vere saman med få andre barn på fritida og då gjerne leike ute.

Skoleskyss

Viss elevane tek skolebuss må de hugse å halde god avstand, både medan de ventar på bussen og i bussen. Ein bør ikkje bruke skoleskyss og offentleg transport viss det er mogleg.