Informasjonsmøte om breibandutbygging i Sør-Fron

Sør-Fron kommune inviterer til livesending med informasjon om breibandutbygginga i Sør-Fron tysdag 16.03. kl 20:00.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Sidan 2017 har Sør-Fron kommune vore med i eit regionalt breibandsutbyggingsprosjekt. Stadig fleire sørfrøningar får og har fått breiband. 

Utbygginga av fiber er eit infrastrukturtiltak av stor samfunnsmessig betydning. Det siste året har til fulle synt oss behovet for å ha god nettilgang i heimane våre – med til dømes heimeskule, heimekontor og digitale møte.

Nå vil kommunen saman med regionråd og utbyggarar informere om prosessen og svare på spørsmål som de innbyggarar måtte ha:

Har du spørsmål?
Lurer du på om du skal kople deg på?
Kva er gjort og kva står att?

Tysdag 16.03.2021 kl. 20:00 blir det digitalt informasjonsmøte om breibandsutbygginga. 

Følg sendinga her (video nedst i saka), på YouTube eller på Facebook. 

Send spørsmål i forkant av sendinga til bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no eller spør direkte i chat på Facebook eller YouTube undervegs i sendinga.

Desse deltek:

  • Ordførar Ole Tvete Muriteigen
  • Prosjektleiar for breibandsprosjektet i regionrådet, Vigdis Holmestad
  • Salgsansvarleg i Eidsiva, Tom Harald Bjørnsletten
  • Prosjektleiar i Eidsiva, Anders Bergseth
  • Gudbrandsdal Energi
  • Laje Entreprenør/Brunbjørn