Infoskriv 1: Ny skulestruktur i Sør-Fron kommune: stutt om prosessen

I samband med arbeidet med ny skulestruktur ønskjer vi å gi informasjon som kan vere med på å kaste lys over saka fram mot høyringsfristen 1. juni. Målet er å engasjere innbyggjarane i kommunen for å få gode innspel til høyringa i ei særs viktig sak.

Meir om saka her. 

Kommunestyret i Sør-Fron vedtok 20.02.20 å utgreie framtidig skulestruktur i kommunen. Det vart gitt 6 alternativ som skulle utgreiast.

Kommunestyret la føringar for at framtidig grunnutdanningsbehov skulle utgreiast med vekt på elevtall, læring, trivsel og økonomi. Arbeidet vart forankra i eit lokalt skulebruksplanutval.

Konsulentfirmaet WSP Norge AS fekk i oppdrag frå Kommunestyret å utarbeide ein rapport for framtidig skulestruktur i Sør-Fron kommune. Dei har lang erfaring med arbeid med skulestruktur frå heile landet, og har brei kompetanse innan dei felta som er naudsynte (pedagogikk, arkitektur, stadsutvikling, økonomi og anna).

WSP Norge AS har samarbeidd tett med skulebruksplanutvalet, og gjennomført brukarinvolvering med alle interessegrupper, og gjennom bygdemøte som var ope for alle.

WSP Norge AS har lagt fokus på følgjande mål ut frå kommunestyret sine føringar:

  • Betre skule når det gjeld resultat
  • Betre skule vurdert ut frå omsyn til barnets beste – godt fysisk læringsmiljø
  • Skule som bidreg til å redusere fare for mobbing
  • Skule som bidreg til å trekke barnefamiliar til Sør-Fron
  • Skule for framtida – nye læreplanar
  • Meir økonomisk skulestruktur både mht drift og leiing av skulen/ane, betre tilpasning til lærarnorma, drift av skulen/anes bygningsmasse, skuleskyss og andre økonomiske faktorar

WSP Norge AS har hatt ei brei informasjonsinnhenting. Sør-Fron kommune har oversendt nødvendig data og informasjon. I tillegg har dei nytta offentleg tilgjengelige informasjon frå blant andre Statistisk sentralbyrå og Skoleporten.no

WSP Norge AS har i hatt jamlege møter med skulebruksplanutvalet gjennom heile prosessen, og i januar 2021 presenterte dei endeleg rapport der dei endar opp med to anbefalingar i prioritert rekkjefølge, slik:

  • 1-10-skule på Harpefoss
  • 1-7-skule på Flatmoen og vidareføring av Sør-Fron ungdomsskule på Harpefoss

Etter framlegg for skulebruksplanutvalet og nokre justeringar, stilte skulebruksplanutvalet seg bak rapporten. Administrasjonen presenterte høyringsbrevet for Formannskapet 15.04.2021.

Formannskapet sette høyringsfristen til 1. juni.

Rapporten og alt om skulestruktursaka finn du her.