Infoskriv 2: Ny skulestruktur i Sør-Fron kommune: Utfordringsbiletet i Sør-Fron og «Diamantprosjektet»

I samband med arbeidet med ny skulestruktur ønskjer vi å gi informasjon som kan vere med på å kaste lys over saka fram mot høyringsfristen 1. juni. Målet er å engasjere innbyggjarane i kommunen for å få gode innspel til høyringa i ei særs viktig sak.

Meir om saka her. 

Når ein skal tenkje ny skulestruktur i kommunen er det viktig å ha med seg at oppvekstsektoren har sett i gang eit stort utviklingsprosjekt ut frå utfordringsbiletet i skulane. Dette er kopla nært opp til innføringa av nye nasjonale læreplanar. Fokusområda i skuleutviklingsprosjektet i kommunen fell godt saman med hovudkompetansane i nye læreplanar.

Hausten 2019 starta leiinga ved skulane og barnehagane eit utviklingsprosjekt i nært samarbeid med skuleeigar: «Diamantprosjektet». Dette var eit direkte tiltak inn mot utfordringsbiletet for barn og unge i kommunen. Utfordringsbiletet har sitt utspring i undersøkingar utført av mellom andre Utdanningsdirektoratet, og handla om relativt låge score på faglege resultat, motivasjon for læring, medverknad i læringsprosessane, variasjon i læringa og stoltheit over eiga bygd. Dei positive elementa frå undersøkingane vart også lagt inn i prosjektet som gode «motorar» for vidare arbeid. Dette er mellom anna generelt god trivsel og lite mobbing som gjev godt grunnlag for å arbeide med å betre utfordringsbiletet.

«Diamantprosjektet» utgjer ein plan og fleire metodar for å gi elevene/barna auka motivasjon for læring og meir mestring og stoltheit over heimbygda si. Vi har basert dei konkrete metodane på vitskapleg dokumentert forsking som seier kva læringsformer som aukar motivasjon og medverknad. Dette er å lære fagkompetanse gjennom å:

  • utforske og skape
  • samhandle, kommunisere og delta
  • lære å lære

Vi har samla desse kompetansane i ein visuell diamant, «Sør-Fronsdiamanten» (sjå figur). Måla ligg i den «raude tråden» rundt, og kompetanseområda/tiltaka ligg i diamantane. Målet er god og trygg oppvekst, gode resultat og barn og unge med god livsmeistring som utgangspunkt for vidare liv. Barn og unge er diamantane våre – no og i framtida!

«Diamantprosjektet» samlar skulane og barnehagane om ein felles retning for å betre utfordringsbiletet. Alle skulane har hatt fast samarbeid rundt dette på tvers sidan hausten 2019. Vi er altså i gang med å skape ein tydeleg felles pedagogisk grunnmur for innhaldet i skulen i Sør-Fron. Dette vil lette det pedagogiske arbeidet ved samanslåing til ein eller to skular.

Parallelt med vårt arbeid kom dei nye nasjonale læreplanane for grunnskulen (Fagfornyinga, LK 20).  Vi ser at satsingsområda i «Diamantprosjektet» fell svært godt saman med intensjonane i nye læreplanar.

 Avklaring av omgrep:

  • «Sør-Fronsdiamanten»: Den visuelle diamanten som vi nyttar på skulane og barnehagane med litt ulikheiter i innhald etter nivå (sjå figur).
  • «Diamantprosjektet»: Barnehage- og skuleprosjektet i si heilheit med planar, organisering og struktur for heilskapleg samarbeid mellom skulane og barnehagane. Prosjektet er forankra i Kommunestyret som «Læring, trivsel og vekst i Sør-Fron kommune – satsing på barn og unge». «Diamant-prosjektet» er ei forkorting av dette prosjektnamnet.