Infoskriv 4: Framtidig skulestruktur - elevtala framover

I samband med arbeidet med ny skulestruktur ønskjer vi å gi informasjon som kan vere med på å kaste lys over saka fram mot høyringsfristen 1. juni. Målet er å engasjere innbyggjarane i kommunen for å få gode innspel til høyringa i ei særs viktig sak.

Meir om saka her. 

Elevtala framover er eitt av kriteria kommunestyret ønskjer fokus på gjennom utreiinga av ny skulestruktur.

Forskinga er delt når det gjeld elevtalet sin innverknad på trivsel og læring under norske tilhøve. Ein kan med andre ord ikkje seie at små skular har betre trivsel og/eller læring enn store skular, eller omvendt. Forskarane er imidlertid einige om at det viktigaste for god læring og trivsel er kvaliteten på kompetansen til dei tilsette i skulen.

Statistisk sentralbyrå (SSB) framskriv folkemengda for barn i aldersgruppa 5-14 år i Sør-Fron slik:

  

I følge SSB, Hovedalternativet, er det sannsynleg at elevtalet i skulane i Sør-Fron blir redusert med om lag 100 elevar dei komande 10 åra. Dette utgjer i gjennomsnitt 10 elevar per trinn, noko ein også ser att i registerte barn som skal byrje i 1. klasse dei komande åra (Tal hena frå helsestasjonen juli 2020, jmfr. Tilstandsrapport 2019):

 

Ei samanlikning med dagens elevtal, syner at vi går frå årskull på i gjennomsnitt 36 elevar, til årskull på i gjennomsnitt 26 elevar dei 5 neste åra.

Desse tala indikerer at det vil bli om lag 200 elevar på barneskulen, og omkring 70 elevar på ungdomsskulen om 10 år. Reduksjon i elevtall vil også bety reduksjon i lærar- og leiarstab med øvrig personale (profesjonsfellesskapet).

Dei nye læreplanane for skulen (Kunnskapsløftet 2020) har større fokus på profesjonsfellesskapet enn tidlegare læreverk. Dette mellom anna fordi evidensbasert forsking syner at profesjonsfellesskapet har stor innverknad på elevane sin læring og trivsel. I Sør-Fron kommunes planverk er det også klare mål om berekraft og framtidsretting. I skulen betyr det mellom anna å ha profesjonsfellesskap med brei kompetanse. Dette for å sikre elevanes trivsel og læring, og for å kunne drive ein skule som er attraktiv for kompetente søkjarar også i framtida.

Ein bør også tenkje fleirbruk av skulen/skulane som ein faktor i arbeidet med skulestruktur. Dette elementet må også knyttast opp mot berekraft og framtidsretting. Skulen/skulane i kommunen skal vere aktive partar i lokalmiljøet også utanom skuletida. Det kan komme periodar med svært låge eller høge elevtal. Ved slike høve kan det hende ein må bruke delar av skulen/skulane til andre føremål eller på andre måtar enn før.

I arbeidet med skulestruktur er det difor viktig å ta omsyn til elevtalet i hovudsak ut frå elevanes læring og trivsel, men også mellom anna med tanke på profesjonsfellesskapet, tilpassing til endringar i elevmasse, fleirbruk, berekraft og framtidsretting.