Frå hausten 2020 vart nye læreplanar for grunnskulen innført i Norge. Faginnhaldet, kva elevane skal lære, er i stor grad det same. Den store endringa ligg i korleis elevane skal lære. Dette finn vi att i dei fire kompetanseområda som utgjer grunnlaget i fornyinga av læreplanane:
- fagspesifikk kompetanse
- kompetanse i å lære
- kompetanse i å kommunisere, samhandle og delta
- kompetanse i å utforske og skape
Tre av kompetanseområda seier noko om korleis elevane skal lære; dei skal lære på på ulike måtar, i samhandling med andre og gjennom skapande og utforskande metodar. Dette er ikkje nytt i norsk skule, men det skal nå ha mykje større fokus i alle fag, på tvers av fag og gjennom heile skuleløpet. Målet er å auke motivasjonen gjennom elevaktiv og medverkande læring, meir i samarbeid med kvarandre og andre, på skulen, i lokalmiljøet eller på andre «nye» læringsarenaar. Dei nye læreplanane er basert på evidensbasert forsking som syner at slike metodar gir meir motivasjon og djubdelæring (varig læring), og med det aukar meistring og betrar resultata.
Nye og andre måtar å lære på krev til dels anna bruk av arealar, andre krav til arealar og bruk av «nye» læringsarenaar. Dette betyr mellom anna at spesialrom (kunst- og handverksrom, teknologirom/makerspace, bibliotek, fellesrom for samarbeid og anna) skal nyttast meir i alle fag, og bør ha ei meir sentral plassering i skulebygget enn tradisjonelt. Dette fordi dei skal vere lettare tilgjengeleg, men også fordi elevane på denne måten kan lære på ulike måtar og stader samstundes som lærar har oversikt over dei slik at alle kjenner seg trygge.
Når det gjeld fleirbruk av skulen må ein også tenkje dette inn i læringssamanheng ved at andre funksjonar som elevane kan nytte i læring også ligg lett tilgjengeleg. Dette kan vere bibliotek, fellesrom med til dømes (eldre)kafé og anna.
Når vi nå skal bygge ny skule i Sør-Fron har vi ei unik moglegheit til å gi elevane framtidsretta læringsarealar som bidreg til auka motivasjon og læring. Satsinga «Sør-Fronsdiamanten» har fokus på dei same kompetanseområda som prikkpunkta over, og mål om auka motivasjon og betre resultat. Ny skule som tilrettelegg for dette både ute og inne kan gi eit stort læringsmessig fortrinn til elevar og tilsette frå 1-10 (anbefaling 1), eller 1-7 (anbefaling 2). Det vil også bidra til å gjere kommunen meir attraktiv med tanke på rekruttering av nye lærarar til læringsfremjande og framtidsretta skule i eit rikt profesjonsfellesskap.
Framtidsretta læringsareal inneber også fleirbruk både i og utanom skuletida. Ein fleirbruksskule inneheld andre tilbod som t.d. kultur, idrett, møtepunkt som kafè, bibliotek, uteareal med aktivitetstilbod. Skulen med tilhøyrande tilbod vil danne gode læringsmoglegheiter med mange læringsarenaar der elevane kan lære, samhandle og delta i eit større fellesskap slik intensjonen i læreplanane er.
Også utanom skuletid blir skulen med dette ein naturleg aktivitets- og møteplass i lokalmiljøet med dei tilboda som knyttast opp her. Meir positivt tilhald på skulen kan styrke trivsel og stoltheit over eigen skule og eiga bygd, noko som kan ha noko å seie for om dei vel å busetje seg her som vaksne. Dette er også eitt av satsingsområda i «Sør-Fronsdiamanten».
WSP Norge AS seier følgjande om læringsareal i sin rapport om framtidig skulestruktur:
«Å planlegge og utvikle nye skoleanlegg er en stor investering for en kommune. En planlegger gjerne for mer enn 40 år frem i tid. Da er det viktig at en planlegger godt og at skoleanlegget kan ta høyde for uforutsette behov og situasjoner, pedagogiske så vel som byggtekniske. I så måte er det tre sentrale begreper som ofte blir brukt.
- Funksjonell fleksibilitet: Bygningsmassens muligheter for å kunne møte endrede behov. I anlegges levetid må det påregnes nye undervisnings- og arbeidsformer, noe som stiller store krav til fleksibiliteten i bygget og evne til å forandre byggets egenskaper.
- Elastisitet: Anlegget må over tid kunne tilpasses nye krav og nye brukere. Om elevtallet i fremtiden vil endre seg, må det være tilrettelagt for å trekke fra areal, utvide anlegget eller endre inndelingen (elastisitet).
- Generalitet: Dersom elevtallet skulle gå vesentlig tilbake, må en kunne ta deler av anlegget i bruk til andre formål uten å forandre byggets egenskaper.
NOU 2015:8 Fremtidens skole beskriver blant annet betingelser ved læringsmiljøet og undervisningen som bidrar til læring. Læringsmiljøer som fremmer læring, preges av at:
- elevene engasjeres aktivt i egen læring og forstår egne læringsprosesser
- elevene deltar i kommunikasjon og samarbeid
- elevene får utvikle dybdeforståelse og får hjelp til å forstå sammenhenger
- elevene får utfordringer som gjør at de strekker seg
- undervisningen er tilpasset elevenes ulike forkunnskaper og erfaringer
- elevene møter tydelige forventninger til hva de skal lære, og får tilbakemeldinger og råd om videre læring
- elevenes relasjoner, motivasjon og følelser tas hensyn til i undervisningen, og lærerne tar i bruk varierte metoder, arbeidsmåter og organisering som er tilpasset det elevene skal lære og den enkelte elev og elevgruppe
Undervisningspraksis og læringsmiljøer som bygger på disse prinsippene, danner grunnlag for å utvikle kompetanser som barn og unge har behov for i møte med fremtidens samfunns- og arbeidsliv og i eget privatliv. Ved bygging av nye skoler har man en unik mulighet for å tilrettelegge læringsmiljøet for flere måter å lære på, og tilpasse til intensjonene i nye læreplaner».
Utdrag frå WSP Norge AS sin rapport om skulestruktur i Sør-Fron