Innskriving av nye elevar for skuleåret 2017/2018

Barn rekke - Klikk for stort bilde

Skulane har innskriving for dei som skal starte på skulen hausten 2017, fredag 17. februar kl 09.30-11.30.

 

Barn som er født i 2011, og barn som har fått utsett skulestart skal skrivast inn på den skulen som ligg nærast bustaden til barnet.

Dei som ikkje kan møte sender skriftleg melding med personalia til skulen innan 17. februar 2017.

 

Spørsmål kan rettast til:


Rektor Anne R. Almehagen, Midtbygda skule, tlf.nr. 61299320

Rektor Monika L. Solberg, Harpefoss skule, tlf.nr. 61299340

 

Ansvarlig Rektorane. Sist endret 03.02.2017 12:26
Fant du det du lette etter?