Klart for kulturkveld

Kulturkvelden 2019.jpg - Klikk for stort bilde Fredag 1. februar arrangerer Sør-Fron kommune Kulturkvelden 2019. Mange lokale kulturkreftar deltek, og høgdepunktet blir sjølvsagt utdeling av kulturprisen 2018 til Liv Bjerke.

 

Kulturkvelden 2019 går av stabelen 1. februar i Sør-Fron kulturhus.  - Klikk for stort bildeKulturkvelden 2019 går av stabelen 1. februar i Sør-Fron kulturhus. Liv Bjerke blir tildelt Sør-Fron kommune sin kulturpris for 2018, og for å feire prisvinnaren og kulturlivet har vi snekra saman eit rikhaldig program.

Når og kor er kulturkvelden?

Fredag 1. februar kl 19.30 står mellom andre Hundorp musikklag, Harpefoss skulemusikk, Sør-Fron spelemannslag, Fron Trekkspillklubb, Adele Morken, elevar frå Fron kulturskule, Midt-Gudbrandsdal orkester, Loftet showteam og Britt Pernille Frøholm på scena i Sør-Fron kulturhus. 

I tillegg til nokre musikalske overraskingar kjem også Per Gynt tetaerlag for å gi oss ein smakebit på si nye forestilling "Rett og vrangt i Baksia kommune". 

Programleiar er Liv Jorunn Korstad, lyd er ved Vegard Moshagen, og lysdesign ved Jostein Kjorstad. 

Det er gratis inngang.

Prisvinnar nr 26

Kulturprisen vart delt ut fyrste gong i 1986, og Liv Bjerke er den 26. prismottakaren. Prisen består av ein sjekk på kr 10 000,- og ei minnegåve laga av trekunstnar Kjell Skriubakken frå Harpefoss.

Du kan lese meir om kulturprisen her.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 30.01.2019 11.50
Fant du det du lette etter?