Kokkar i kamp

Sist veke var fire elevar og ein lærar frå Sør-Fron ungdomsskule på kokkekamp i Vågå, i regi av Norsk Smaksskule.

Sør-Fron Ungdomsskule var ein av fire skular i Innlandet som gjekk vidare til kokkekampen. Prosjektet heiter "Ungdommens matfat i Innlandet", og skal blant anna munne ut i ei bileteutstilling på Maihaugen i oktober.

- I vår sendte skulane inn tekst og bilete av sjølvvald arbeid kring temaet matkultur. Fokus på berekraft og identitet var og sentralt. Vi vinkla prosjektet mot retten kål, og elevane fekk i oppgåve å finne ut om det fantes ulike variantar av kål, ved å intervjue eldre folk i bygda. Fruktdessertar var og ein del av prosjektet vårt, fortel lærar Åshild Kraggerud.

Kålen vart servert i tallerkenar frå Sør-Fron Framhaldsskule. Elevane lagde eplegraut, rabarbrakompott og tilslørte bondepiker som døme på tradisjonsrike dessertar. Eit dommerpanel på fire personar vurderte smakane og prosjekta. 

Laget frå Sør-Fron Ungdomsskule var Eline Wassrud, Linn Falkenhaug, Kama Regina Isene Aanekre og Magnhild Kjersem Rustad.

- Sigeren gjekk til laget frå Vang i Valdres, men det var uansett ein siger å komme vidare til finala, seier Kraggerud.