Korleis skal vi markere frivillighetens år i Sør-Fron?

Det var spørsmålet kommunestyret i Sør-Fron fekk stilt under temamøtet om frivillighet i mai!

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

19.05.2022 hadde kommunestyret i Sør-Fron temamøte om frivilligheit. Der vart dei blant anna informert og inspirert av fleire representantar frå frivilligheita - Sør-Fron idrettsråd, Sør-Fron røde kors og Sør-Fron spel- og dansarlag var med og fortalte om sin aktivitet.

Frå det profesjonelle kulturlivet var både Rondaståk og Peer Gynt as med og fortalte om frivilligheit knytt til sine festivalar.

Det kommunale arbeidet med frivilligheit vart belyst frå frivilligsentralen sin ståstad.

Politikarane vart deretter delt i grupper og utfordra på to konkrete spørsmål:

  • Korleis skal vi markere frivillighetens år i Sør-Fron? 
  • Korleis kan vi legge betre til rette for frivilligheita i Sør-Fron?

Resultatet av gruppearbeidet kan du sjå her. (PDF, 7 MB)

Presentasjonane frå frivilligheita kan du lese her.