Korpskonsertar på rekke og rad i kyrkja

Kirke2.jpg - Klikk for stort bilde  Ny konsertserie i Gudbrandsdalsdomen sett fokus på korpsmusikken. 

Sør-Fron kyrkje, også kalla Gudbrandsdalsdomen, blir arena for fleire korpskonsertar denne våren.  - Klikk for stort bildeSør-Fron kyrkje, også kalla Gudbrandsdalsdomen, blir arena for fleire korpskonsertar denne våren. Harpefoss skulemusikk er fyrste korps ut, i Sør-Fron kyrkje sin nye konsertserie Vitae Lux, som betyr livets lys. Skulemusikken inntek kyrkja torsdag 8. mars, saman med skulemusikken frå Lesja.

Konsertserie

Dei to skulekorpsa er fyrst ut i ei rekkje korpskonsertar i Gudbrandsdalsdomen denne våren. Tidlegare har kyrkja invitert lokale songkor til å ha konsertar i lag, nå er det altså korpsa sin tur.

– 2018 er korpsa sitt år, og vi har invitert mange korps frå heile dalen til å feire saman med oss, seier kantor i Sør-Fron, Sergey Shulga, til GD. 

Du kan lese om kva avisa skriv om konsertsatsinga her. 

Frå nord til sør

Korps frå heile dalen kjem, for å ta del i kyrkja si markering av Musikkorpsenes år 2018. 

Her kan du sjå heile programmet for konsertserien Vitae Lux. - Klikk for stort bildeHer kan du sjå heile programmet for konsertserien Vitae Lux.

18. mars er det Vinstra musikklag og Vågå musikkforening som spelar, før det igjen er duka for sørfronskorps den 8. april. Da kjem Hundorp musikklag for å halde konsert, saman med Fåvang musikkforening og Tromboner i Gudbrandsdalen. Konsertserien blir avrunda 12. april, med Lalm musikkforening, Kvam musikkforening og Otta musikkforening. 

 

Sjå meir om jubileumsmarkeringa på Norges musikkorpsforbund sine heimesider.  

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 07.03.2018 12:45
Fant du det du lette etter?