Kulturhelg i Sør-Fron 17.-18. mars

17.-18. mars blir det både kulturkveld og frivilligmarkering i Sør-Fron kulturhus. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Fredag 17. mars er det kulturkveld i Sør-Fron med utdeling av kulturprisen for 2022 til Kristian Haave.

Les meir om prisvinnaren her!

Programmet er eit utval av kulturbygda Sør-Fron sitt rike kulturliv. Programleiar er Helena Wik. 

På scenen står mellom andre Hundorp musikklag, Vinstrarevyen, Feristun, Sør-Fron sangkor, Loftet dansestudio med meir. 

Talkshow i sofaen med spennande gjestar frå kulturlivet i Sør-Fron. 

Arrangementet startar kl. 19:00 og det er gratis inngang.

Festen held fram dagen etter med Frivilligmarkering - Den grøne kulturbygda. Lag og foreiningar i kommunen kjem for å vise fram sitt tilbod i Sør-Fron kulturhus. Dei har også med seg ulike aktivitetar publikum kan prøve ut. '

Heile bygda er invitert!

Desse er med:

  • Sør-Fron sangkor
  • Sør-Fron idrettslag
  • Harpefoss IL
  • Sør-Fron sanitetsforening (servering)
  • Harpefoss sanitetsforening (servering)
  • Sør-Fron Røde Kors 
  • Per Gynt teaterlag
  • Foreningen Norden
  • Fron historielag
  • Peer Gynt as
  • Fron hagelag
  • Fron husflidslag
  • 4H-klubbane i Sør-Fron