Kulturhelg med stor K

Hovudbilde Kåja camp venner 120615_Foto Bjørn Sletten.jpg - Klikk for stort bilde  Ungdomsfestival, konsertar, martna og kunstutstilling. Dette er helga da "alt" skjer. 

Kåja camp går av stabelen i helga. Aktivitetane er populære, men viktigst av alt: Å vera saman med venner.  - Klikk for stort bildeKåja camp går av stabelen i helga. Aktivitetane er populære, men viktigst av alt: Å vera saman med venner. Bjørn Sletten 14.-17. juni skjer det mykje i Fronsbygdene. Her er noko for ein kvar smak, og for alle aldersgrupper. 

Torsdag 14. juni: TRASK på Dale-Gudbrands gard.

Anne Grimstad Fjeld går Pilegrimsleia frå Oslo til Trondheim, og undervegs arrangerer ho konsertar på stoppestadene langs leia. Torsdag kveld er turen kome til Dale-Gudbrands gard. Sør-Fron spelemannslag, Ida Rønshaugen og Norsk Et Lite Kor er blant bidragsytarane på TRASK-konserten, der inntektene går til "Leger uten grenser".

Dølen har denne saka om arrangementet: Allsidig konsert på Dale-Gudbrand 

Fredag 15. - søndag 16. juni: Kåja Camp

Den tradisjonelle ungdomsfestivalen for alle ungdommar i ungdomsskule- og vidaregåandekskulealder i Kåja går av stabelen denne helga. Det var ungdomsrådet i Nord-Fron som i si tid tok initiativ til festivalen, men nå er det Ungdomsklubben (felles for Sør-Fron og Nord-Fron) som saman med Ung i Midtdalen som står bak arrangementet. 

Les meir om Kåja camp her.

Fredag 15. juni: Claudia Scott på Rudi Gard

Norsk countryrocks fyrstedame, Claudia Scott, er attende på Rudi Gard. Den folkekjære countrysongaren feira nyleg 25 år som artist, og i vinter kunne du sjå ho på skjermen i "Hver gang vi møtes". Les meir om konserten her.

Mads Andreas Andreassen står bak årets sommarutstilling på Harpefoss Hotell. - Klikk for stort bildeMads Andreas Andreassen står bak årets sommarutstilling på Harpefoss Hotell. Harpefoss hotell

Laurdag 16. juni: Utstillingsopning på Harpefoss Hotell

Årets sommarutsilling på Harpefoss hotell er det lillehamringen Mads Andreas Andreassen som står for. Andreassen, som også står bak Elephant Kunsthall, viser nye måleri og skulpturar, forutan den rykande ferske pamfletten "Speaking my own words".

Harpefoss Hotell har meir.

Laurdag 16. juni: Sør-Fronmartnan

Sør-Fron Lions arrangerer Sør-Fronmartnan på kommuneplassen lørdag 16.juni. Det er andre året at Lions-klubben arrangerer martnan, som foregår ved og omkring det nye amfiet ved kommunehuset. Det vil bli forskjellige salsboder med lokale produsentar, musikkinnslag og anna underhaldning.

Les meir på Lionsklubben sine Facebook-sider.

Hundorp musikklag med dirigent Liv Bjerke er klare for årets sommarkonsert. - Klikk for stort bildeHundorp musikklag med dirigent Liv Bjerke er klare for årets sommarkonsert. Bjørn Sletten

Søndag 17. juni: Sommerkonsert med Hundorp musikklag

Musikklaget held sin tradisjonsrike sommerkonsert i bygdahuset Lidarende søndag. Her blir det både blåsekvintett, marsjar, filmmusikk og folketonar - i tillegg til servering. Dølen har ei fyldig sak om konserten her: Hundorp musikklag slår på stortromma.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 14.06.2018 12:10
Fant du det du lette etter?