Valseter galleri er eitt av stadene du i desse dagar kan oppleve kunstutstillingar i Sør-Fron.
Valseter galleri
To kunstutstillingar på fjellet og to nede i bygda gjer at Sør-Fron i desse dagar ikkje berre kan kalle seg kulurbygda, men også kunstbygda! Og det er eksotiske galleri kunstbygda har å by på - her er eit gamalt seterfjøs, kunst på kubåsen, nyopna kunstlåve og pakkhuset på eit gamalt historisk hotell!
Harpefoss hotell
Tidlegare i sommar opna Harpefoss hotell sommarutstilling med Lillehammer-kunstnaren Mads Andreas Andreassen. Utstillinga er open til 12. august.
Valseter galleri
Søndag var det seterdag på Valseter, og Valseter galleri opna si årlege utstilling. Årets utstiller ved Valseter galleri er Ragnhild Slåen. Slåen har utdanning som sjukepleiar. Ved sidan av har ho alltid brukt mykje tid på biletkunst og har dei siste 10-15 åra lagt stor vekt og myke tid på å utvikle seg som kunstnar. Ho har delteke på fleire juryerte kollektiv- og separatutstillingar. Utstillinga er open til 12. august.
Rudi gard
Også på Rudi gard vidarefører dei tradisjonen med årlege sommarutstillingar.
Utstillar i år er Gjøvik-kunstnaren Trine Håkonsen: – Fellesnemnaren for mine kjelder, Vigeland, Antony Gormley og Ibsens Peer Gynt er korleis dei fortel historier om menneskets eksistens og livsløp, seier Håkonsen. Utstillinga er open til 12. august.
På Rudi kan du også oppleva fleire kjente kunstnarar med rotfeste i dalen: Ståle Blesterdalen, Vegard Stalsberg og Jorunn Krag Dahle.
Solveig i Sverre Koren Bjærtnes si tolking.
Sverre Koren Bjærtnes
Årets Peer Gynt-utstilling
Sist men ikkje minst er det opning av årets Peer Gynt-utstilling, med ein av norges fremste kunstnarar, Sverre Koren Bjærtnes fredag 3. august.
Sverre Koren Bjertnæs hadde sitt definitive gjennombrot for det store publikum i 2015. Det var året da han også slo gjennom internasjonalt. I dag blir Sverre Koren Bjertnæs plassert heilt i toppsjiktet av norske samtidskunstnarar. Kjøparar står i kø for å sikre seg kunstverka hans.
Det er kulturminsiter Trine Skei Grande som opnar utstillinga i den nye låven ved amfiet på Gålå.