Kunstgåve til korttidsavdelinga på Sørheim

Kunstgave 1.jpg - Klikk for stort bilde

Torsdag fekk Sørheim omsorgssenter eit måleri av kunstnaren Kristen Holbø i gåve. Motivet er Sør-Fron kyrkje med Nårkampen i bakgrunnen. 

Under torsdagstreffen på Sørheim denne veka, dukka gåvenemnda i kommunen opp med storfin gåve - eit måleri av den kjende kunstnaren Kristen Holbø som syner Sør-Fron kyrkje, truleg ein våredag i 1928.

- For nokre dagar sidan fekk eg spørsmål om gavenemnda ville kjøpe eit måleri av kunstnaren Kristen Holbø. Nemnda vart hasteinnkalla, og vedtok einstemmig å kjøpe måleriet som gåve til korttidsavdelinga på Sørheim omsorgssenter, seier ordførar Ole Tvete Muriteigen, som overrekte biletet. 

- Eldrid Listad (medlem i nemnda) foreslo å overrekke bildet på «Torsdagstreffen» i dag, og det vart gjort. Torsdagstreffen samlar mange, så det var veldig fint, seier ordføraren. 

Dette er gåvenemda

Lag, foreiningar og enkeltpersonar gir i ulike tilfeller pengegåver til tenesteområda innan helse og omsorg. Tenesteområda  blir også enkelte gonger tilgodesett med arv.

Midlane skal brukast til utstyr/tiltak som kjem brukarar og/eller personell til gode.

Nemnda er samansett slik: 

Ordførar (leiar av nemnda)

Reidar Nylund (Ap)

Eldrid Listad (brukarrepresentant)

Veronika Rim Boulakal (Fagforbundet)

Tone Strømstad (Delta)

Irene Hagen (kommunalsjef)

Margit Steberg (rådgjevar)

Kven var Kristen Holbø?

Her kan du lese litt meir om Holbø:

https://lillehammerartmuseum.com/kunstner/kristen-holbo/

https://no.wikipedia.org/wiki/Kristen_Holb%C3%B8

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 21.12.2018 10.28
Fant du det du lette etter?