Mange turmålbesøk i Sør-Fron!

Turmålmedalja for 2017 kan du nå hente på biblioteket eller servicetorget.  - Klikk for stort bilde Det har vore nok ein god sesong med masse turgåing i Sør-Fron. Totalt er turmåla i kommunen besøkt 1147 gonger denne sesongen. Vi har også trekt årets vinnarar av gåvekort!

Turmålmedalja for 2017 kan du nå hente på biblioteket eller servicetorget.  - Klikk for stort bildeTurmålmedalja for 2017 kan du nå hente på biblioteket eller servicetorget. Bjørn K. Sletten  Sør-Fron kommune har  20 turmål m/orienteringsklyper  plasserte rundt i kommunen. Ein får utdelt eit klyppekort i kommunen der ein kan registrere besøk på dei enkelte turmåla.

I alle aldrar

Totalt er turmåla i kommunen besøkt 1147 gonger denne sesongen. 14 personar har vore på 20 turmål, mens heile 86 personar har vore på ti eller fleire turmål. Ellers ser det ut til at sørfrøningar  i alle aldrar går på tur. Deltakarane er frå 3 – 75 år. Her er småbarn med foreldre, ungdommar, godt vaksne og pensjonistar godt representerte.

Her kan du lese meir om satsinga og kva for turmål vi har hatt i år.

Kvasskampen mest populær

Dei mest besøkte  turmåla er Kvasskampen, Raudhaugen og Nårkampen.  

Vi ser ein liten nedgang i innleverte turkort i år – likevel er det liten grunn til å tru at det er færre som er på tur. Her må ein ta med at rundt 500 har henta seg turkort, så mange turar er også gjort utan at turkorta er levert inn att.

Slik får du premien din

Dei 86 som har vore på minst 10 turmål kan hente turmedalje på servicetorget eller biblioteket innan 15. januar. Dessutan har alle vore med i trekninga om gavekort frå G-sport i Ringebu. Trekninga av desse gjekk føre seg på møte i kommunens FYSAK-komité  4. desember:

·         Vinnar blant dei som har vore på 20 turmål: Harald Holst

·         Vinnar blant dei som har vore på 10 turmål eller fleire: Gunn Bredeveien

·         Vinnar blant dei under 18 år: Oliver Borolien

Meir info om turmålopplegget vårt kan du få ved å kontakte kulturleiar Bjørn K. Sletten tlf 612 99154/97471997

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 20.12.2017 15:19
Fant du det du lette etter?