Mange var med på AlleMed

AlleMed-dugnad 1_foto bjorn Sletten.jpg - Klikk for stort bilde Nesten 30 personar frå lag og foreiningar og kommunen deltok måndag i AlleMed-dugnaden i Sør-Fron kommune. Arbeidet er ein del av kommunen sitt arbeid med barn og unge. 

Elvane Sokoli frå AlleMed (t.v.) og Eli Oda Segelstad frå Sør-Fron kommune var godt nøgde etter måndagens dugnad.  - Klikk for stort bildeElvane Sokoli frå AlleMed (t.v.) og Eli Oda Segelstad frå Sør-Fron kommune var godt nøgde etter måndagens dugnad. Bjørn K. Sletten AlleMed er eit verkty som skal gjere det lettare å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitetar, uavhengig av familiens økonomi.

Les meir om AlleMed her.

Verktøyet blir brukt for å skape diskusjon og finne ut kva som kan gjerast for å få alle med. 

Her finn du ei oversikt over tilboda som finst i Sør-Fron i dag!

AlleMed er laga av Nasjonal dugnad mot fattigdom og utenforskap blant barn og unge (NDFU). NDFU er eit breitt fellesinitiativ beståande av norske frivillige organisasjonar, fagmiljø og foreiningar. 

Mange møtte fram

Dugnaden er ein del av arbeidet som kommunen, ved kultur og fritid, familie og mestring og flyktningtenesta, har sett i gang for å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitetar. Vi veit at 12,3 % av dei barna som lever i Sør-Fron i dag, lever i familiar med såkalla vedvarande låginntekt. Totalt er det snakk om 72 barn. Det er over landsgjennomsnittet.

AlleMed-dugnaden samla tett oppunder 30 personar på kommunehuset.  - Klikk for stort bildeAlleMed-dugnaden samla tett oppunder 30 personar på kommunehuset. Bjørn K. Sletten

 

For å få til denne inkluderinga inviterte kommunen breitt, både innafor sin eigen organisasjon, men også alle lag og foreiningar i kommunen (og felleslag i Midt-Gudbrandsdalen).

Her er ei oversikt over lag og foreiningar i Sør-Fron.

Måndag kveld var derfor ei god blanding av kommunetilsette og representantar for frivilligheita samla i Storsalen på kommunehuset. Dei oppunder 30 frammøtte fekk høyre om AlleMed-verktyet, men fyrst og fremst var det dei mange gode diskusjonane som prega kvelden. 

Konkrete tiltak

I løpet av kvelden kom fleire konkrete forslag til tiltak på bordet, forslag som nå skal drøftast vidare og ettekvart kanskje munnar ut i konkrete tiltak.

Nokre av forslaga var:

  • Gratis prøvetid hos lag og foreiningar
  • Betre oversikt over tilbod (f.eks. på kommunen sine heimesider)
  • Fritidsstipend
  • Samarbeid med skulen om formidling av dei ulike tiilboda som finst
  • Utstyrssentral (BUA)
  • Aktivitetskort
  • Samarbeid med næringsliv
  • Aktivitetskoordinator

 Det blir nytt møte mellom kommune og frivillige der dette er tema i mars/april 2019.  

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 05.12.2018 08:00
Fant du det du lette etter?