Momskompensasjon for lag og foreiningar

Fotball - Klikk for stort bilde Frivillige lag og organisasjonar kan nå søkje momskompensasjon. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,4 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2018.

Fotball - Klikk for stort bilde Erfaring frå tidligare år viser at det finst mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Ønskjer å nå fleire

Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. Lotteri- og stiftelsestilsynet prøver derfor å nå ut til desse gjennom kommunane og fylkeskommunane.

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Her finn du også søknadsskjema. Dersom de lurer på noko, ta kontakt med Lotteri- og stiftelsestilsynet på e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser

For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfristar

Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2018.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 13.06.2018 07:55
Fant du det du lette etter?