MOT-foredrag på ungdomsskulen

Leon Romestrand.jpg Onsdag 12. august inviterer vi til MOT-foredrag på Sør-Fron ungdomsskule. 

Leon Romestrand.Sør-Fron ungdomsskule er med i MOT-programmet «Skolen som samfunnsbygger». Ein del av dette er eit foredrag for alle som har med våre barn å gjere i Sør-Fron.

- Målet for dagen er å øke beskyttelsesfaktorar rundt barn og unge, og vi tek utgangspunkt i det afrikanske ordtaket "It takes a village to raise a child". Dette gjer vi ved å auke bevisstheita rundt dei tre faktorane i møte med barn og unge; skape godfølelsen, vise bakgrunnsforståing og praktisere tøff kjærleik, seier rektor Eivind Lund.

Foredraget er i Sør-Fron kulturhus onsdag 12. august 17.30-19.30.

Målgruppa for foredraget er foreldre, interesserte vaksne, trenarar, leiarar i lokalsamfunnet, fritidsarenaen, og tilsette i nærmiljøet som arbeider med barn og unge.

Foredragshaldar Leon Romestrand

MOTs visjon er å skape eit varmare og tryggare samfunn. Har du tenkt over korleis du kan bidra? 

Leon Romestrand har arbeidd i skule sidan 2008 og vore rektor på Ulstein ungdomsskule dei siste fire åra. Han er nå tilsett i MOT og er kjent som ein inspirerande og svært dyktig foredragshaldar. Leon vil blande forsking, historier og erfaringar slik at du går ut derfrå og veit meir om kva du kan gjere for å bidra til eit varmare og tryggare samfunn for ungdommen. Han er inspirerande å høyre på, snakkar eit språk alle forstår og kjem med gode døme.