Møteplassar gjennom helga

Sør-Fron_Logo_Slagord.png - Klikk for stort bilde Det er mange som har behov for å kome saman i sorga etter hendinga på Vinstra, og vi ønskjer å ha eit tilbod i denne vanskelege tida.

Sør-Fron_Logo_Slagord.png - Klikk for stort bilde Alle innbyggarar er velkomne til Vinstra vidaregåande skule. Opningstider i helga er 11:00-21:00 laurdag og søndag. Fredag kveld er skulen open fram til kl 21:00.

Vinstra ungdomsklubb er open for alle ungdommar laurdag 14:00-18:00. Fredag kveld er klubben stengt, men vi oppmodar alle til å vera saman med nokon – familie eller vener.

Omsorgstelefon

Vi minner også om omsorgstelefonen, tlf. 480 75 383. Omsorgstelefonen er eit tilbod for alle. Telefonen er betjent av helsepersonell som set deg i kontakt med kommunen sine aktuelle tenester. Du kan også ringe omsorgstelefonen om du har er bekymra for andre.    

Telefonen er open heile døgnet  fram til måndag 5. november kl 15:30. 
 
Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 02.11.2018 13:51
Fant du det du lette etter?