Mykje å velje i for barn og unge

Klikk for stort bilde Bjørn Sletten

Dans, handball, 4H, ungdomsklubb, musikk, teater eller skøyter? Sør-Fron kommune har laga ei ny brosjyre med samla informasjon om aktivitetstilbodet for barn og unge i kommunen.   

Klikk for stort bildeAlpint er ein av mange aktivitetar barn og unge i Sør-Fron kan delta på. Her frå trening i bakken på Gålå. Bjørn Sletten

I Sør-Fron kommune er det mange gode fritidstilbod for barn og unge, noko i kommunal regi, og mykje i regi av lag og foreiningar.

Kommunen har ei eiga ressursgruppe som jobbar med barn og unge, og eitt av tiltaka dei har ønskt, er ei brosjyre med oversikt over aktivitetar for barn og unge i Sør-Fron. 

Brosjyren er nå klar, og inneheld ei oversikt over lag og foreiningar innafor musikk og idrett og andre aktivitetar, samt dei kommunale tilboda, mellom anna kulturskule og ungdomsklubb.  

Her kan du lese brosjyren. (PDF, 263 kB)