Nå kan du søkje kulturmidlar

Frå og med 10. februar er elektroniske søknadsskjema for kulturmidlar og kulturfond tilgjengeleg. 

Fristen for å søkje er 15. mars. 

Vilkår for å få kulturmidlar

Sør-Fron kommune sine kulturmidlar kan bli delt ut til lag/organisasjonar/institusjonar og kulturtiltak som arbeider heilt eller delvis innafor kulturområdet. Det blir berre gjeve tilskot til tiltak som søkjaren sjølv står for gjennomføring av. Det kan i særskilte tilfelle bli gjort unntak, dersom det gjeld tiltak som barn og unge frå Sør-Fron deltek på.

For å få tilskot bør søkjaren høyre heime i Sør-Fron, drive verksemd i Sør-Fron eller ha medlemmar i Sør-Fron. Fordelinga av midlane blir gjort etter skjønn, og vi ser da på medlemstal og medlemstype (barn og unge, eldre, menneske med nedsett funksjonsevne etc), type aktivitet og aktivitetsnivå, økonomi og rekneskap.

Gå til søknadsskjema

Sør-Fron kommune sitt kulturfond

Midlane på fondet skal gå til unge talent innafor kultur og idrett som er frå, eller bur i Sør-Fron. 

Søknadsfristen på kulturfondet er også 15. mars, og skjemaet finn du her. 

Spørsmål?

Ta kontakt med tenesteleiar for kultur og kommunikasjon, Bjørn K. Sletten på bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no