NRK på mat-besøk på ungdomsskulen

Skjermdump NRK skulemat.jpg - Klikk for stort bilde Sjå innslaget her!  Statskanalen setter fokus på mat i skulen, og kva er da meir naturleg enn å ta turen for å sjå på det gode tilbodet ungdomsskulen vår har? 

NRK var nyleg på besøk på Sør-Fron ungdommsskule for å sjå på korleis ordninga med gratis skulemat fungerer. - Klikk for stort bildeNRK var nyleg på besøk på Sør-Fron ungdommsskule for å sjå på korleis ordninga med gratis skulemat fungerer. NRK Det har den siste tida vore ein del fokus på mat i skulen i media, og at det er variasjonar i tilbod frå kommune til kommune. Mange kommunar vurderer nå å tilby varm lunsj til elevane, og i Sør-Fron har vi hatt dette tilbodet i fleire år. 

- Dette er ei vidareføring av skulefruktordninga. Vi hadde så gode erfaringar med det opplegget, at vi valte å kjøre det vidare. Vi serverer litt mat, vi ser at elevane er opplagte, at dei held lenger, og det blir meir læring i skulen, seier konstituert rektor ved ungdomsskulen, Eivind Lund, til NRK Østnytt, som førre veke var på besøk på ungdomsskulen.

Her kan du sjå innslaget frå NRK Østnytt!

Slik er tilbodet på Sør-Fron

Sør-Fron ungdomsskule tilbyr gratis havregraut to dagar i veka, noko vi har hatt i fleire år, fortel lærarane Anni Wangen og Åshild Kraggerud.

- I tillegg har elevane tilbod om å kjøpe grove heimebakte rundstykker kvar fredag, og salatbar/enkel varmmat dei to andre dagane. Vi er stolte av å få til dette, og er så heldige å ha kantine som rommer alle elevane. Det er viktig å få fram dette , da vi ser at det er positivt for læring og trivsel, seier dei to lærarane.

I denne saka frå GD kan du lese meir om det gode mattilbodet.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 01.03.2018 13:06
Fant du det du lette etter?