Ny søknadsrunde om strømstøtte til frivillige lag og organisasjonar
Har ditt lag/organisasjon hugsa å søke strømstøtte? Søknadsfristen er 15. februar klokka 13.00.
Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.
No kan du søke straumstøtte for perioden oktober til desember 2022.
Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betale ut straumstøtte fortløpande etter dei har opna for søknadar, slik at dei som søker tidleg kan få pengane raskast mogleg.
Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 90 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen. I dei tidlegare søknadsrundane har kompensasjonsgraden vore 80 prosent. For desember kan også Midt-Norge (NO3) og Nord-Norge (NO4) søke om støtte.
Her kan du sjå oversikt over områda som er omfatta av ordninga.
Kven kan søke?
Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke her
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Sist endret 07.02.2023 09.05