Nye nasjonale retningslinjer
Regjeringa annonserte måndag 26. oktober nye målretta tiltak mot koronasmitte. Tiltaka gjeld frå 28. oktober, og skal hindre at Noreg kjem i same situasjon som mange andre europeiske land.
Tiltaka vil gjelde i ei tidsbegrensa periode.
Sjå dei nye nasjonale tiltaka på regjeringa si heimeside.
Kva gjeld for Sør-Fron?
Tidleg i pandemien hadde Sør-Fron og andre kommunar i området lokale føringer for å imøtekoma utfordringar knytt til koronasmitte.
Dette er ikkje lenger tilfellet, men vi opplev at mange framleis har spørsmål som "kva retningsliner gjeld for Sør-Fron?". Det er ikkje rart, med tanke på korleis situasjonen var i mars. Vi ønskjer difor å understreke at alle tiltak, regler og retningsliner som gjeld nasjonalt, gjeld også for alle innbyggjarar og besøkande i Sør-Fron.
For oppdatering på status om korona i Sør-Fron, sjå vår eiga infoside om korona.
Nyttige sider for oppdatert informasjon
Vi oppmodar alle til å innhente informasjon frå sidene under:
Folkehelseinstitutttet sine temasider om korona
Helsedirektoratet sine sider om korona
Dersom du har spørsmål du ikkje finn svaret på her kan du ringe koronatelefonen på 480 75 383.
Publisert av Brit Synnøve Berge
Sist endret 21.11.2023 09.40