Opning av Sør-Fron arbeids- og frivilligsenter!

SAFS_opning.jpeg - Klikk for stort bilde Fredag var det offisiell opning av nye Sør-Fron arbeids- og frivilligsenter. Mange hadde møtt opp for å vera med på frivilligfeiringa på Flatmoen.

Det har lenge vore eit ønske å få til ein frivilligsentral i Sør-Fron. I kommunestyremøtet 26. september, vart ein rapport om frivillig innsats lagt fram, og ein av prosjektgruppa sine vurderingar var at tida nå var inne for å opprette frivilligsentral.

Les rapporten og den politiske behandlinga her.

Kommunestyret gav i møtet si tilslutning til dette, og fredag 27. oktober kunne brukarar, frivillige og tilsette ønskje velkome til det nye arbeids- og frivlligsenteret på Flatmoen. 

Flatmoen jobb- og aktivitetssenter i nye lokal

Arbeidsstasjon.jpg - Klikk for stort bilde

Opninga markerte også nye lokaler for brukarane av Sør-Fron arbeids- og frivilligsenter, som tidligere var Flatmoen jobb- og aktivitetssenter. Tilsette og brukare har saman bygd og pussa opp lokala som nå stod klare. Lokala er betre tilrettelagt enn dei tidligere lokala på Flatmoen. De har fleire arbeidsstasjonar og har som mål å gjeve eit betre arbeidsmiljø.

Samlokalisering

Åpning.jpg - Klikk for stort bilde

 

Det nye senteret blir navet i frivilligsatsinga i Sør-Fron. Her har ein samlokalisert jobb- og aktivitetssenteret med mellom anna frivilligkoordinator og Småjobben. 

- Dette er ein stor dag! Samanliknar vi situasjonen i dag med situasjonen for 5-6 år sidan, blir dagen enda større. Eg hugsar godt eg vart inivitert ned hit på omvisning og felles middag hausten 2011. Veldig triveleg, men eg trur vi raskt skal bli einige om at lokala var så som så. Da eg gjekk att tenkte eg at det hadde verkeleg vore fint å kunne bidra til at lokalitetane kunne få eit lyft, sa ordførar Ole Tvete Muriteigen, som foretok snorklippinga. 

Les sak i Gudbrandsdølen Dagningen om opninga av frivilligsenteret.

Han drog fram viktigheita av frivilligheita, og kor avhengig ein som samfunn er av eit samspel mellom frivillige lag og organisasjonar og kommunen. 

Kake på åpning.jpeg - Klikk for stort bilde

 

- I alle kommunar er frivilligheit svært viktig. Alle kommunar har vore, er, og vil bli enda meire avhengige av vilje til frivillig arbeid – og eldsjeler. Sør-Fron kommune har i fleire år hatt et godt samarbeid med personar, lag og foreininger som utfører frivillig innsats. I tillegg har vi relativt sett mange eldsjeler. Slik sett er vi heldige, og godt rusta for framtida. For ei tid attende vart ”Småjobben” etablert – av eldsjeler. For å kunne legge enda betre tilrette for den frivillige innsatsen framover blir derfor ”Småjobben” og frivillig innsats derfor nå organisert saman...Oppfordringa er å ta kontakt dersom nokon vil bidra, eller har idear og forslag, sa ordføraren. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 01.11.2017 10:29
Fant du det du lette etter?