Så mykje gav sørfrøningane

TV-aksjon 2017.jpg - Klikk for stort bilde TV-aksjonen 2017 er over. Aksjonskomiteen i Sør-Fron takkar både bøssebærarar og givarar for hjelp og bidrag. 

TV-aksjon 2017.jpg - Klikk for stort bilde Søndag gjekk den årlege TV-aksjonen av stabelen. I år gjekk pengane til organisasjonen UNICEF og deira arbeid for å gi utdanning til barn råka av krig og konflikt. 

Pengane som kjem inn skal mellom anna sørgje for skuleutstyr, vidareutdanning av lærarar, oppbygging av skular og læringssentre i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan. 

- Takk til alle som har bidratt

Søndag var aksjonskomiteen og bøssebærarar samla for å gjere ein innsats for UNICEF og for born i desse landa.

- Vi ønskjer å takke alle bøssebærarar for at dei har stilt opp i år igjen, seier sekretær i den lokale aksjonskomiteen i Sør-Fron kommune, Helene Amblie Solerød.

Da siste krone var talt opp søndag kveld, kunne komiteen sette to streker under talet 143 685 kroner. Det betyr eit gjennomsnitt per innbyggar i kommunen på 45,43 kroner, noko som er 3,88 kroner over landsgjennomsnittet.

Her får du ei fullstendig oversikt over bidrag gitt frå Sør-Fron til årets aksjon.

Totalt 218,5 mill

Landstotalen vart til slutt 218,5 millionar kroner. 

- Tusen, tusen takk. Dette er heil fantastisk. Vi har opplevd at det har vorte sett eit enormt fokus på den viktige saken skule er. Det har vore engasjement over alt i heile Norge, og det er utruleg flott, seier generalsekretær i UNICEF Norge, Camilla Viken til NRK.

Sør-Fron kommune gav i år 10 000 kroner til TV-aksjonen. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 23.10.2017 12:48
Fant du det du lette etter?