Sett inkluderande læringsmiljø på agendaen

Grimsmo Jørgensen.JPG - Klikk for stort bilde Ingrid Grimsmo Jørgensen heldt eit engasjerande foredrag for tilsette og foreldre i kulturhuset måndag kveld. 

Mange hadde møtt fram for å få med seg foredraget til Ingrid Grimsomo Jørgensen i kulturhuset.  - Klikk for stort bildeMange hadde møtt fram for å få med seg foredraget til Ingrid Grimsomo Jørgensen i kulturhuset. Irene Hagen Barnehagane og skulane i Sør-Fron deltek i utviklingsprosjektet «Inkluderande barnehage og skulemiljø», og foredraget med Grimsmo Jørgensen er eitt av tiltaka i samband med satsinga - der målet er å sørgje for at alle får meir kunnskap kring temaet. 

Temaet måndag var bar og elevar sitt læringsmiljø, korleis best skape eit inkluderande miljø, og samarbeidet mellom heim og barnehage/skule.

- Grimsmo Jørgensen formidla klart og tydeleg at vi saman må sørgje for gode oppsedingskår for ungane våre. Eit svært inhaldsrikt foredrag med glimt av humor og "godord" for framtida, seier pedagogisk rådgjevar i Sør-Fron kommune, Jorun Haverstad. 

Ingrid Grimsmo Jørgensen er ein engasjert foredragshaldar.  - Klikk for stort bildeIngrid Grimsmo Jørgensen er ein engasjert foredragshaldar. Irene Hagen Stort engasjement

 

Ingrid G. Jørgensen er utdanna pedagog og arbeider ved høgskulen i Innlandet. Ho er ein lokal foredragshaldar med stort engasjement og kunnskap kring tema som omhandlar barn si utvikling og læring, konflikthandtering og mobbing. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 10.04.2018 15:04
Fant du det du lette etter?